300px|mini|Ein skiløpar og ein snøbrettkøyrar set utfor. Ski er avlange, tynne plankar til å gli på snø med. Ski har to fordelar: Dei fordeler vekta utover eit større område, slik at ein ikkje fell gjennom snøen, og dei gjev glid, slik at ein kan koma seg fortare av garde.
Dei eldste skia som er funne er kring 8000 år gamle og er frå Russland.Skimuseet: «Skihistorie»
Ein laga tidlegare ski av eitt trestykke, men i dag er dei gjerne sett saman av ei blanding av glasfiber, kevlar, titan og anna. Mange ski har likevel framleis ein kjerne av tre.
Ordet «ski» tyder også «kløyvd trestykke» som ein til dømes finn i ordet «skigard» (gjerde av kløyvde trestykker) eller «vedski». På gamalnorsk var ordet «skíð» (kløyvd trestykke, trestykke til å gå på snø) eller «skíða» (kløyvd trestykke, skie), på engelsk finn ein tilsvarende «shide» i tydinga «tynt, kløyvd trestykke». På middelhøgtysk finn ein det liknande ordet «schíten» som tyder å kløyve.Falk, Hjalmar og Alf Torp (1903): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. Kristiania: Aschehoug
Jacques de la Tocnaye reiste gjennom Noreg i 1799 og han fekk for første gong sjå ski i bruk.Tocnaye, Jacques de la (1980): En franskmann i Norge i 1799. Først utgitt i Brunswick 1801. Norske utgåve: Cappelens forlag.
Sjå òg Skigåing Skihopping Snøbrett Skeiser
Referansar
Bakgrunnsstoff Norsk skieventyr på Vest-Telemark museum
Kategori:Idrettsutstyr Kategori:Transportmiddel på snø