Stars and Stripes Vol. 1 er det 24. og siste studioalbumet til The Beach Boys. Det kom ut i 1996 og er trass tittelen det einaste countryalbumet deira.

Albumet inneheld nye innspelingar av nokre av dei mest kjende songane til bandet, innspelt i lag med countrystjerner som gjesteartistar. På midten av 1990-talet fekk countrymusikken eit nytt oppsving og med auka salstal håpte bandet på at albumet skulle slå til kommersielt. Det gjorde det ikkje.

Brian Wilson var på denne tida langt friskare mentalt enn han hadde vore på mange år og vart med i bandet som produsent.

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stars and Stripes Vol. 1» frå , den 13. oktober 2009. oppgav desse kjeldene: Stars and Stripes Vol. 1 CD-hefte, Robert K. Oermann Allmusic.com

Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Musikkalbum frå 1996