Tyssedal kyrkje står i industristaden Tyssedal på austsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1965. Kyrkja er ei såkalla naustkyrkje og er teikna av arkitekt Axel Fronth.

Kyrkja har eit høgt og spist saltak. I hovudhøgda er det attåt kyrkjeromet sakristi og møterom I kjellaren er det mellom anna garderobar, kjøken og møterom. Veggene er bygde i armert betong.

Kyrkja er soknekyrkje i Tyssedal sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja. Før dei fekk kyrkja i Tyssedal, sokna folk i området til Odda kyrkje.

Inventar Det er ikkje noko altartavle på altaret, men på veggen bak heng ein biletvevnad laga av Grethe Lein Lange. Altarringen har form av tre sider av eit kvadrat. Altarpodiet har fiolett golvteppe, medan golvet rundet har skiferheller. Døypefonten er laga i granitt. Preikestolen er laga delvis i formpressa limtre. Benkene i kyrkja er lause trebenker utan vangar.

Gravstad Det er ikkje gravstad ved kyrkja. I staden vert kyrkjegarden på Berjaflot i Odda nytta.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Tyssedal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Odda kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Ullensvang Kategori:Norske kyrkjer frå 1965 Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Kulturminne i Ullensvang Kategori:Aksel Fronth