Ringelspitz (på retoromansk Piz Barghis) er eit 3 248 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet er det høgste i kantonen St. Gallen.

Ringelspitz ligg i dei sørlege delane av kantonen og dannar grense til kantonen Graubünden. Nord for Ringelspitz ligg dalen Calfeisental med fjellvatnet Gigerwaldsee, mot aust fell fjellryggen relativt slakt i retning Kunkelspass. I sør ligg dalen Vorderrheintal.

Fjelltoppen er enklast å nå frå aust.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ringelspitz» frå , den 17. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff Ringelspitz på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i St. Gallen Kategori:Fjell i Graubünden