«Boots of Spanish Leather» er ein song skriven av Bob Dylan, gjeven ut i 1964 på albumet hans The Times They Are a-Changin'.

Songen består berre av Dylan på vokal og akustisk gitar, spelt med fingerplukking. Musikalsk er songen nesten identiske til den tidlegare songen hans «Girl from the North Country».

Teksten i «Boots of Spanish Leather» er «ein uroleg, ulukkeleg ballade for evigheita og sagaene - ei klassisk Dylan-soge om to kjærastar, eit vegkryss og det opne havet...» (Trager 80). Dei fleste kritikarar meiner songen omhandlar og kanskje var skriven til Suze Rotolo som var kjærasten til Dylan tidleg i 1960-åra, og som forlet han og reiste til Spania. Songen er skriven som ein dialog og dei første seks versa vekslar mellom mannen og kvinna. Dei siste tre versa vert fortalt av personen som vart etterlaten, truleg mannen (Dylan). I løpet av desse ni versa reiser kvinna til andre sida havet. Ho skriv og spør om mannen vil ha ei gåve, noko han ikkje vil, og seier poetisk at det berre er ho han vil ha attende. Mot slutten vert det klart at ho ikkje kjem attende og ho skriv til slutt at ho kanskje aldri kjem attende, «It depends on how I'm a-feelin'''» («det kjem an på korleis eg føler»). Mannen skjøner kva som har skjedd og svarer til slutt kva gåve han vil ha: «Spanish boots of Spanish leather» («spanske støvlar av spansk lêr»).

Andre utgåver «Boots of Spanish Leather» har vorte spelt av mange musikarar, som: Joan Baez: Any Day Now Sebastian Cabot: Sebastian Cabot, Actor-Bob Dylan, Poet (1967) Dervish: Spirit (2003) Dubliners: 30 Years A-Greying (1994) Nanci Griffith: Other Voices, Other Rooms (1993), Winter Marquee (2002), Putumayo Presents American Folk (2005) Richie Havens: Electric Haven (1966) Ida: A Tribute to Bob Dylan, Volume 3: The Times They Are A-Changin' (2000) Linda Mason: How Many Seas Must a White Dove Sail (1964) Dan McCafferty: Dan McCafferty (1975) Michael Moore: Jewels and Binoculars (2000) Seldom Scene: Scene It All (2000) Martin Simpson: Bootleg USA Martin Simpson: A Nod to Bob (2001) T. Duggins: T. Duggens:Undone (2006)

Svensk versjon Ein svensk versjon vart omsett av Mikael Wiehe som «Spanska stövlar» og innspelt av Wiehe i 1978.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Boots of Spanish Leather» frå , den 18. oktober 2009. oppgav desse kjeldene: Bob Dylan si offisielle side . Gray, Michael. Song & Dance Man III: The Art of Bob Dylan. Continuum, 2000. Trager, Oliver. Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia''. Billboard Books, 2004. Fresh Air from WHYY: Suze Rotolo: Of Dylan, New York and Art.

Bakgrunnsstoff Teksten

Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:Nanci Griffith-songar Kategori:Dubliners-songar Kategori:Richie Havens-songar