Piz Segnas er eit 3 099 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Toppartiet av fjellet består av den svært gamle bergarten Verrucano-Decke. Denne bergarten vart gjennom forkastingar skuva opp på dei mykje yngre laga av flysch, som fjellsokkelen består av. Fjelltoppen ligg i nordaust for Segnaspass, som dannar overgang mellom landsbyen Elm i Glarus og Flims i Graubünden.
Dei fyrste som kleiv til topps var G. Sand-Frank og fjellføraren Heinrich Elmer i 1861.
Topptur Fjelltoppen når ein frå vest eller nordaust. Ruta frå nordaust går over isbreen som minkar år for år og som det vert stendig vanskelegare å krysse. Ein kortare tur er mogleg om ein tek fjellheis frå Flims til Naraus og deretter går til fots til Camona da Segnas (2 102 moh). Frå Segnas-Hütte (Camona da Segnas) går ein oppover das Kar i retning Segnaspasset. Fyrst etter å ha nådd skartoppen nedanfor vestryggen går ein, der tilhøva ligg til rette for det, over grus eller snøbre opp på salen, som ikkje ligg langt frå den sørlege fortoppen (3 012 moh). Derifrå går ein langs den smale egga til toppen. Toppturen er fri for kryssing av isbrear, men fører over snøbrear.
Om vinteren er toppturen greiare, då ein går på ski over breen som ligg nordaust for fjellet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Segnas» frå , den 18. oktober 2009.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Glarus Kategori:Fjell i Graubünden