thumb|Inngangen til Olje- og energidepartementet samt Nærings- og handelsdepartementet i Oslo Nærings- og handelsdepartementet skulle skape rammevilkår som styrkjer konkurranseevna i næringslivet, legge til rette for lønsam næringsverksemd basert på ny teknologi, kunnskap og menneskelege ressursar, sikre størst mogleg innverknad i og inngrep med EU til beste for norsk verdiskaping samt stimulere til auka utviklingsaktivitet og auka omstillingsevne i bedriftene.

Eigarskapsavdelinga i Nærings- og handelsdepartementet forvaltar statens eigardelar i rundt 80 kommersielle selskap.

Departementet vart lagt ned frå 1. januar 2014 da det vart slått saman med det tidlegare Fiskeri- og kystdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.Offisielt fra statsråd 13. desember 2013

Historie Nærings- og handelsdepartementet har røter tilbake til 1846 med Departementet for det Indre. Dagens struktur vart til frå 1. januar 1997.

Tidlegare departement med ansvar for næringssaker: Industridepartementet frå 6. desember 1947 til 31. desember 1988 Næringsdepartementet frå 1. januar 1989 til 31. desember 1992 Nærings- og energidepartementet frå 1. januar 1993 til 31. desember 1996

Politisk leiing Trond Giske (Arbeidarpartiet) er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for Nærings- og handelsdepartementet. Han blir støtta av tre Statssekretærar og ein politisk rådgjevar.

Underlagde etatar Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard - Statens sentrale fagetat for forvalting og utnytting av mineralressursar. Brønnøysundregistra - Ansvarleg for ei rekke nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet. Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) - Det sentrale statlege organet for garanti-stilling og kredittforsikring av eksportkredittar. Justervesenet - Ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur med nasjonal og internasjonal tillit. Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) - Produserer kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmasser og grunnvatn. Norsk Akkreditering - Utfører teknisk akkreditering og inspeksjon i samsvar med OECD sitt regelverk om god laboratoriepraksis. Norsk Romsenter (NRS) - Skal bidra til å skape vekst for norsk høgteknologisk industri knytt til internasjonal romverksemd. Patentstyret - Styret for det industrielle rettsvern. Skal hjelpe norsk næringsliv med å styrke verksemda sin gjennom kunnskap om industrielle rettar. Sjøfartsdirektoratet - Har som overordna mål å oppnå høg sikkerheit for liv, helse, fartøy og miljø. Skipsregistra - Bidrar til offentleg kontroll av registrerte skip og deira eigartilhøve.

Kjelder Regjeringen.no om Handelsdepartementet og næringsdepartementet, vitja 9. november 2009

Bakgrunnsstoff Nærings- og handelsdepartementet - nhd.no

Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Norsk næringsliv