er eit arkadespel utvikla og publisert av Nintendo i 1983. Spelet handlar om Mario, «tidlegare» kjent som Jumpman i Donkey Kong frå 1981. Mario Bros. har nyleg vore inkludert i Super Mario Advance-spela som eit minispel, og har blitt gjeve ut på Virtual Console for Wii.
Oppsett I Mario Bros. kan ein spela ein av to røyrleggjarar, Mario og Luigi, som er i eit avlaupssystem for å få bukt ned på mengda skapnader som er der. Desse skapnadene kjem ut av røyrer, og hovudoppgåva i spelet er å nedkjempe alle desse skadedyra i kvart nivå. For å kunne få has på eit skadedyr må røyrleggjaren først slå det på ryggen ved å treffe underlaget fienden går på frå undersida eller bruka POW-blokker. Så kan han sparka fienden ut av skjermen. Om fienden klarer å reisa seg opp før ein rekkjer å sparka han, vil han endra farge og få auka fart.
Bakgrunnsstoff Mario Bros. hjå Nintendo.no
Kategori:Dataspel frå 1983 Kategori:Arkadespel Kategori:Super Mario Kategori:Spel av Nintendo R&D1 Kategori:Apple II-spel Kategori:Atari 2600-spel Kategori:Atari 8-bit-spel Kategori:Famicom Disk System-spel Kategori:Nintendo Entertainment System-spel Kategori:Virtual Console-spel