mini|Stephan R O'Connell Center Dome, UF. mini|Baugham Center, Lake Alice. mini|Ben Hill griffin Stadium.
University of Florida (UF) er eit delstatseigd, forskingsbasert sea-grant- og land-grant-universitet i Florida i USA, med campus i Gainesville.
UF er den nest største campusen for høgare utdanning i USA. Budsjettet er om lag 23 mrd kroner årleg.Source for UF's Operating Budget ) På grunn av høg kvalitet på fleire av fagtilboda (særleg ved det såkalla Honours program) vert universitetet tidvis rekna til gruppa Public Ivy - dei 10–30 beste offentlege universiteta i USA. Både studentane og forskarane kan vise gode resultat. Eit resultat av forskinga ved UF er sportsdrikken Gatorade."The history of Gatorade." Gatorade.
Historie Det vart grunnlagt i 1853 som East Florida Seminary, medan Florida Agricultural College (FAC) frå 1884 var ein annan forløpar – som samstundes var det første land-grant-universitet i delstaten. Gainesville vart vald til campus i 1905.
I åra 1945–1947 var det enorm søking frå heimvendte krigsveteranar, og den store tilstrøyminga vart avlasta ved å bygge eit tilleggscampus i Tallahassee. Etter to års drift vart derimot denne campusen sjølvstendig og utvikla seg til dagens Florida State University.
I 1958, etter 106 år, fekk svarte studentar tilkomst til University of Florida.
Skular og studenttilhøve Dei 17 collega arrangerer i alt 123 mastergradsprogram og 76 doktorgradsprogram, ved i alt 87 skular og fakultet. Desse er: J. Hillis Miller Health Science Center (1956) - 6159 studentar University of Florida College of Dentistry University of Florida College of Public Health and Health Professions College of Medicine at the University of Florida University of Florida College of Nursing University of Florida College of Pharmacy University of Florida College of Veterinary Medicine University of Florida College of Engineering (1910) - 6 935 studentar Warrington College of Business (1926) - 6 339 studentar Fisher School of Accounting University of Florida School of Journalism (1916) - 3 000 studentar University of Florida College of Liberal Arts and Sciences (1910) - 1 400 studentar Bob Graham Center for Public Service Fredric G. Levin College of Law (1909) - 1 153 studentar University of Florida College of Health and Human Performance (1946) - 2004 studentar University of Florida College of Agricultural and Life Sciences (1964) Institute of Food and Agricultural Sciences University of Florida College of Design Construction and Planning (1925) - 1 500 studentar M.E. Rinker Sr. School of Building Construction University of Florida College of Education (1906) - 1 900 studentar P.K. Yonge Developmental Research School University of Florida College of Fine Arts (1975) - 900 studentar University of Florida Division of Continuing Education
University of Florida har 50 882 studentar og 2 311 vitskapeleg tilsette i 2006, og i haustsemesteret same år var skulepengane på årsbasis US$ 3 206 for studentar folkeregistrert i delstaten Florida. Studentane representerer meir enn 100 land.
Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i fleire fag.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of Florida» frå , den 28. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Public Ivy Kategori:Skipingar i 1853 Kategori:Universitet i Florida