Yasmin Syed () er ein norsk skodespelar, kanalvert og programleiar.

Syed er fødd i London. Mora er frå Noreg medan faren var indiskguyanar. Familien hadde tenkt å busetja seg i Guyana, men faren hennar døydde der, berre 39 år gammal.Yasmin, hva har du i bagasjen? på NRK nett-TV Ho flytta som 2-åring til Vinje i Telemark, der ho voks opp.

Yasmin Syed studerte musikk, teater og dans ved Pacific Lutheran University i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington med fordjuping i song.

I 1997 spelte ho den kvinnelege hovudrolla i den norske filmen Halvveis til Haugesund. Filmen er ein road-movie og var ein del av hovudprogrammet under filmfestivalen i Haugesund. I 1999 spelte ho politioverkonstabel i Familiesagaen de Syv Søstre på TV 2. Same år vart ho også tilsett som kanalvert på NRK1. I 2002 og 2003 var ho med i livssynsprogrammet Styk Live på NRK. Jula 2008 leidde ho Julemorgen saman med Kåre Magnus Bergh. Ho har også eit eige band, Yasmin's Bandpower. I 2009 mottok ho Kringkastingsprisen.

I 2013 var Yasmin Syed aktuell som programleiar for den nye fjernsynssatsinga Dialektriket på NRK. I programmet reiste ho rundt i Noreg for å finna ut kva det er med dialektane som er så viktig for nordmenn.

Prisar og utmerkingar 2009: Kringkastingsprisen 2008: Alf Helleviks Mediemålpris

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yasmin Syed» frå , den 30. oktober 2009.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Yasmin Syed, intervju i Dagbladet 29. juli 1999

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Programleiarar for NRK