Filip Rygg ()Filip Ryggs Curriculum Vitae, Bergen Kommune, 29. september 2009 er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han var frå 31. oktober 2011 til 19. mai 2014 Bergens byråd for klima, miljø og byutvikling. Før det (frå oktober 2009) var han Bergens byråd for barnehage og skule.

Bakgrunn Filip Rygg blei fødd i Danmark, budde seinare i Sverige, Sveits, Nederland og Oslo før han kom med familien sin til Bergen i 1995. No bur han på Espeland i bydelen Arna i Bergen. Rygg tok ex.phil., ex.fac. og eitt emne i politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen i 2002.

Politisk karriere Filip Rygg starta sin politiske karriere som fylkesleiar for Hordaland KrFU i 2001. Han var leiar for fylkeslaget fram til 2003, då han ble vald inn i sentralstyret til KrFU på landsplan. Ved kommunestyre- og fylkestingvalet same år blei han vald inn som representant for KrF i Hordaland fylkesting.

I august 2004 overtok han for Per Inge Vannebo som politisk rådgivar for byutviklingsbyråd Lisbeth Iversen (KrF). Han jobba som politisk rådgivar til valperioden var slutt i 2007.

Før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 blei han nominert til Bergen KrFs ordførarkandidat. Etter valet danna KrF byråd saman med Høgre og Frp. Rygg blei då utnemnd som kommunalråd og leiar for Bergen KrF bystyregruppe, i tillegg til å bli nestleiar i komité for miljø og byutvikling.

I november 2008 valde nominasjonsmøtet i Hordaland KrF Filip Rygg som sin andrekandidat for stortingsvalet 2009. Ved valet i september 2009 fekk KrF 7,2 prosent oppslutning i Hordaland og ein representant mindre enn ved førre periode. Rygg er i dag vara for Laila Dåvøy, som er aleine om å representere Hordaland KrF i denne stortingsperioden.

1. oktober 2009 blei Rygg utnemnd til byråd for barnehage og skule i Bergen.Her er Bergens nye byråder, Bergens Tidende, 28. september 2009

I april 2010 møtte han for første gong på Stortinget som vararepresentant for Kristeleg Folkeparti i Laila Dåvøy sitt fråvær. På Stortinget stilte han fleire spørsmål i spørretimenGlemt sykkelpolitikk, E24, 4. mai 2010, og la også fram eit forslag på ni punktDokument 8:36 S, Stortingets nettsted, 11. desember 2009 for å halvere aborttala i Noreg innen 2013.Abortforebygging nedstemt i Stortinget , Norge IDAG, 20. april 2010

Han har i fleire år profilert seg sjølv som ein aktiv brukar av sosiale media. I 2009 blei han kåra til Noregs tredje beste politiske bloggar av nettstaden Kommentar.no.http://www.kommentar.no/xp/pub/t/hoved/398312 Norges ti beste politiske blogger I ei kåring av politikarar i Hordaland sin bruk av sosiale medie i Bergens Tidende hausten 2010http://www.bt.no/forbruker/teknologi/Politikerlisten-1146281.html Politikerlisten fekk Rygg topplassering saman med Erna Solberg og Audun Lysbakken.http://www.bt.no/forbruker/teknologi/Politikerne-til-stryk-i-sosiale-medier-1146282.html Politikerne til stryk i sosiale medier

Filip Rygg har stått for «Bryggen-alternativet» i saka om Bybanen sin trase mot Åsane, og han valde 19. mai 2014 å gå av som byråd fordi han ikkje kunne stå inne for det alternativet som ser ut til å bli valt, ein tunnel med innslag mellom Bryggen og Torget.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bloggen til Filip Rygg Twitter-profil Bergen Kommune - om Filip Rygg

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Byrådar i Bergen Kategori:KrF-politikarar i Hordaland