Lulla Einrid Fossland () var ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.
Fossland vart fødd i Harstad med foreldra Elvine og Gerhard Melvik. Ho tok middelskoleeksamen i 1933, folkehøgskole 1936/37 og arbeidde i grensepolitiet frå 1937 til 1945. I 1937 var ho blitt gift med Torolf Fossland, og ho flytta i 1945 med han til Lierne, der ho arbeidde som ekspeditrise, og i 1958 til Karmøy, der ho arbeidde som typesettar og syerske. Her tok ho òg utdanning gjennom LO.
Lulla Einrid Fossland vart vald til 1. vararepresentant til Stortinget for Rogaland Arbeidarparti i periodane 1969-73 og 1973-77. I den første perioden rykte ho opp til fast representant 25.11.1969 etter at Peder Næsheim døydde. I 1967-71 representerte ho Arbeidarpartiet i Karmøy kommunestyre.
Kjelder
Helge O. Larsen; «Torolf Fossland» i Årbok for Helgeland 2009 ISBN 978-92-90148-02-2 Profil på Stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Harstad Kategori:Folk frå Karmøy