Granollers er ein by nær Barcelona i Catalonia i Spania. Byen har kring 65 000 innbyggjarar og ligg ved elva Congost
La Porxada, eit byggverk frå renessansen, er eit kjent landemerke i byen som vart nytta som kornlager. Granollers er eit forretningssenter og det ligg mange industriar her. I sørlege område av byen er det framleis noko jordbruk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Granollers» frå , den 11. november 2009. oppgav desse kjeldene: Panareda Clopés, Josep Maria; Rios Calvet, Jaume; Rabella Vives, Josep Maria (1989). Guia de Catalunya, Barcelona:Caixa de Catalunya. ISBN 84-87135-01-3
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Catalonia