Moskva (russisk Москва́) er hovudstaden og den største byen i Russland. Byen er òg den største byen i Europa og storbyområdet til Moskva er av dei største i heile verda. Moskva er det politiske, økonomiske, religiøse og finansielle senteret i landet, og i tillegg eit utdannings- og transportsenter. Byen ligg ved elva Moskva i Det sentrale føderasjonsdistriktet i den europeiske delen av Russland. I 2021 talde ein 12,5 millionar innbyggjarar i byen Moskva.

Moskva er eit føderalt subjekt i Den russiske føderasjonen og er òg administrasjonssenter for Moskva oblast.

Gjennom historia har Moskva vore hovudstad i Sovjetunionen, Storfyrstedømet Moskva og Det russiske tsardømet, og i statar før Det russiske riket oppstod. Her ligg Den raude plassen, som er sentrum av Moskva og utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Ved Den raude plassen ligg Kreml, som er bustaden til presidenten av Russland.

Moskva er eit stort økonomisk senter og den byen med flest milliardærar i verda og i 2007 vart Moskva erklært den dyraste byen i verda for utanlandske tilsette.Sahadi, Jeanne, Moscow remains the world’s most expensive city while London moves up from fifth to second place. CNNMoney.com Her ligg mange vitskaps- og utdanningsinstitusjonar, og mange sportsfasilitetar. Moskva har eit omfattande transportsystem, som inkluderer eit av dei travlaste metrosystema i verda, kjend for sin arkitektur og sine kunstverk.

Historie Dei første kjeldene til Moskva kan daterast tilbake til 1147 då Jurij Dolgorukij oppfordra fyrsten av Republikken Novgorod til å kome til han. Moskva var då ein liten provinsby. Ni år seinare, i 1156, gav fyrst Jurij Dolgorukij ordre om at det skulle byggast ein tremur rundt Moskva. I perioden 1237-1238 brende mongolane ned byen og tok livet av innbyggjarane. Moskva kom over dette og vart hovudstad i eit sjølvstendig fyrstedømme i 1327. Den gode plasseringa ved Moskvaelva gjorde at byen kunne utvikle seg.

mini|venstre|upright|Spasskaja-tårnet (bygd i 1491) i regjeringspalasset Kreml. Under Ivan I erstatta Moskva byen Tver som hovudstad i Vladimir-Suzdal og vart eineinnsamlar av skatt for dei mongolske herskarane. Ved å betale ein høg tributt fekk Ivan eit viktig gode frå khanen. Motsett av andre fyrstedøme vart ikkje Moskva delt mellom sønene hans, men vart overdratt til den eldste. I 1380 leia fyrst Dmitrij Donskoj av Moskva ein samla russisk hær til ein viktig siger over mongolane i slaget ved Kulikovo. Etter slaget fekk Moskva ei leiande rolle i frigjeringa av Russland frå mongolsk overherredøme. I 1480 vann Ivan III endeleg fridom frå tatarane sin kontroll ved Det store møte ved Ugraelva, som gjorde at Moskva kunne bli sentrum for all makt i Russland. Hovudstaden i Russland, som tidlegare hadde skifta mellom Kiev og Vladimir, vart ved slutten av regjeringstida hans endeleg fastlagt til Moskva.

På 1600-talet var det mange folkeopprør som frigjeringa av Moskva frå polsk invasjon (1612), Saltopprøret (1648), Koparopprøret (1662) og Moskvaopprøret i 1682. Byen var ikkje lenger hovudstad i Russland i 1712 etter grunnlegginga av St. Petersburg ved Austersjøen av Peter den store i 1703. Då Napoleon invaderte Russland i 1812 evakuerte moskovittane byen og brende han ned då Napoleon sine tropper nærma seg den 14. september. Hæren til Napoleon, som var plaga av svolt, kulde og dårlege forsyningslinjer, vart då tvungen til hurtig å trekke seg tilbake.

I januar 1905 vart Aleksander Adrianov utnemnd til den første offisielle borgarmeisteren i Moskva. Etter den russiske revolusjonen vart Moskva den 12. mars 1918 hovudstad i Føderasjonen av russiske sosialistiske sovjetrepublikkar, som mindre enn fem år seinare vart til Sovjetunionen. mini|Kreml i Moskva.

Under den store fedrelandskrigen (det russiske namnet for Austfronten under den andre verdskrigen) var hovudkvarteret for forsvaret og generalstaben for Den raude arméen plassert i Moskva. I 1941 vart 16 divisjonar (over 160 000 personar), 25 bataljonar (18 800 personar) og fire ingeniørregiment danna ut av frivillige moskovittar. I november 1941 vart den tyske Senterarméen stoppa i forstadane av byen og så drive ut under Slaget om Moskva. Mange fabrikkar vart evakuert saman med mykje av sentraladministrasjonen og frå den 20. oktober vart byen erklært under omleiring. Dei tilbakeverande innbyggjarane bygde og bemanna panservernsvåpen-forsvarsverk, medan byen vart bombardert frå lufta. Det er verdt å merke at Josef Stalin nekta å forlate byen, noko som gjorde at den øvste militære leiinga òg vart verande. Trass i omleiringa og bombinga heldt bygginga av metroen i Moskva fram, som starta tidleg på 1930-talet og ved slutten av krigen opna fleire nye metrolinjer. Den 1. mai vart ein medalje: For forsvaret av Moskva 1944 stifta og i 1947 vart ein annan medalje innstifta – Til minne om Moskvas 800 års jubileum. For å feire 20 år sidan sigeren under den andre verdskrigen vart Moskva den 8. mai 1965 saman med elleve andre byar utnemnd til helteby.

I 1991 vart Moskva råka av eit kuppforsøk frå regjeringsmedlemmar imot Mikhail Gorbatsjov sine reformer. Då Sovjetunionen vart oppløyst same år held Moskva fram som hovudstad, no i Russland. Siden då er det utvikla ein marknadsøkonomi som har skapt ein eksplosjon i vestlege forretningar, servicetilbod, arkitektur og livsstil.

Politikk og administrasjon

mini|Utsikt frå Stalin-skyskraparen ved Kudrinskakja-plassen. Ordføraren sitt kontor (det tidlegare Comecon-hovudkvarteret) ligg til venstre, Det kvite huset til høgre.

Moskva er hovudstaden i Den russiske føderasjonen. I sentrum av byen, i den sentrale administrative okrugen, ligg Kreml, der presidenten av Russland og store delar av statsadministrasjonen held til. Dette inkluderer òg fleire militære hovudkvarter og hovudkvarteret i Moskva militære distrikt. Som alle andre hovudstader husar òg Moskva alle utanlandske ambassadar og diplomatar som er utplassert i Russland.

Moskva har status som éin av landet sine to føderale byar (saman med St. Petersburg). Av dei 83 føderale subjekta i Russland er Moskva det minste i areal, men samstundes det største i folketal. Moskva er òg plassert i den sentrale økonomiske regionen, ein av tolv spesielle økonomiske regionar i Russland.

Heile byen vert leia av éin ordførar, frå 2010 Sergej Sobjanin. Byen er delt inn i ti administrative okrugar og 123 distrikt. Eitt av dei administrative distrikta, byen Zelenograd (nummer 1 på kartet under), ligg eit stykke utanfor resten av byen.

Alle administrative okrugar og distrikt har eigne våpenskjold, flagg og valde leiarar av lokaladministrasjonen.

I tillegg til distrikta har Moskva territorielle einingar med spesiell status. Desse omfattar vanlegvis område med liten eller ingen fast busetnad, som til dømes Det allrussiske utstillingssenteret, Den botaniske hagen, større parkar og industriområde. I dei seinare åra har enkelte territorium vorte slått saman med distrikt.

Det er ingen spesielle etniske nabolag i Moskva. Som i dei fleste andre byar er det delar av byen som vert rekna som finare enn andre; faktorar som avgjer dette er ofte nærleiken til sentrum, nærleiken til metrostasjonane og tilgangen til grøntareal.

Moskva er det administrative senteret i Moskva oblast, sjølv om byen har status som føderal by med eigen lokaladministrasjon og dermed ikkje er underlagt oblasten.

mini|venstre|Dei administrative okrugane i Moskva ForvaltningsområdeRussisk namnInnbyggjarar (2010)Nord (2)Северный1 100 974Nordaust (3)Северо-Восточный1 359 508Nordvest (4)Северо-Западный942 223Aust (6)Восточный1 452 759Zelenograd (1)Зеленоградский221 712Sør (7)Южный1 716 808Søraust (8)Юго-Восточный1 318 885Sørvest (9)Юго-Западный1 362 751Vest (10)Западный1 285 914Sentrum (5)Центральный741 867Totalt 11 503 501

Arkitektur mini|Vasilijkatedralen mini|Moskva City mini|upright|Sjukhov-tårnet i Moskva. Tårnet er truga av riving og toppar UNESCO si liste over bygningar i fare.

Arkitekturen i Moskva er verdskjend. Byen er kjend for Vasilijkatedralen med sine elegante laukkuplar, i tillegg til Frelsaren Kristus-katedralen og Dei sju systrene. Patriarken av Moskva, som held til i Danilov-klosteret, er overhovud i Den russisk-ortodokse kyrkja. Moskva var òg vertsby for sommar-OL 1980. I lang tid var byen dominert av ortodokse kyrkjer. Dette endra seg i sovjettida, spesielt under Josef Stalin, der det vart iverksett store tiltak for å modernisere byen. Stalin introduserte mange store byggjeprosjekt og fekk bygd store boulevardar (mange på meir ein ti felt), men sørgde òg for rivinga av mange kulturhistoriske minnesmerke. Mellom anna vart Sukharev-tårnet, Kazan-katedralen og Frelsaren Kristus-katedralen alle rive under Stalin-tida. Dei to sistnemnde vart derimot bygd opp att på 1990-talet.

Arkitekten Vladimir Sjukhov stod ansvarleg for bygginga av fleire av landemerka i Moskva frå den tidlege sovjet-perioden. Sjukhov-tårnet, eitt av mange hyperbolske tårn teikna av Sjukhov, vart bygd mellom 1919 og 1922 som sendetårn for den russiske kringkastinga. Sjukhov etterlet seg òg ei varig arv til den sovjetrussiske konstruktivismen. Han designa store, langstrekte varemagasin, der GUM i Moskva er det mest kjende.

Stalin er òg kjent for Dei sju systrene, sju katedral-liknande skyskraparar som distinkt pregar horisonten i byen. Den storslagne forma til bygningane er påstått å vere inspirert av Manhattan Municipal Building i New York og stilen deira – med eit intrikat eksteriør og eit høgt, sentralt spir – vert ofte kalla stalinistisk gotisk arkitektur. Alle sju tårn er synlege frå store delar av byen og dei utgjer saman med Ostankino-tårnet dei høgaste bygningane i det sentrale Moskva. Ostankino-tårnet var då det stod ferdig i 1967 det høgaste høgaste frittståande byggverket i verda og er framleis det tredje høgast etter Burj Dubai i Dubai og CN Tower i Toronto.

Sovjetisk bustadpolitikk var prega av stor offentleg bustadbygging. Den raske veksten i folketalt til Moskva i sovjettida førte til ei massiv utbygging av store, monotone bustadblokker. Desse skil seg frå nabolag til nabolag og dei forskjellige typane bustadblokkene kan delast inn etter alder, materiala som vart nytta og stilen. Flesteparten av desse kom etter Stalin-epoken og stilartane er ofte kalla opp etter han som sat ved makta ved byggetidspunktet (Bresjnev, Khrustsjov, etc.). Mange av desse bustadkompleksa er i dag nedslitne og dårleg vedlikehaldne.

Bygga i Stalin-stil ligg stort sett i sentrum og er massive konstruksjonar ofte med ornament med sosialist-realistiske motiv som imiterer klassiske byggverk. Moskva har derimot òg mange mindre kyrkjer spreidd utover byen som gjev innblikk i ei svunnen tid. Arbat, ei populær turistgate som ein gong var hjartet i eit bohemsk strøk, har fått halde flesteparten av bygningane sine frå før nittenhundretalet. Mange bygningar utanfor hovudgatene i sentrum er òg døme på borgarleg dekadanse frå tsar-tida. Ostankino, Kuskovo, Uzkoe og andre gods like utanfor byen høyrte opphavleg til adelen frå før revolusjonen og enkelte kloster, både i og utanfor byen, er opne for både moskovittar og for turistar.

Det vert stadig gjort forsøk på å restaurere og gjenoppbygge mange av byen sine døme på før-sovjetisk arkitektur. Dei nybygde og nyoppussa bygningane er lette å kjenne igjen på dei lyse, nye fargane og dei perfekte fasadane. Det finst òg døme på tidlege sovjetiske avantgarde bygningar, som til dømes huset til arkitekten Konstantin Melnikov i Arbat-området. Mange av dei gjenoppbygde bygningane har vorte kritisert for manglande tanke på autentisitet. Fasadisme er òg vanleg. Seinare døme på interessant sovjetisk arkitektur kjenner ein vanlegvis igjen på storleiken og den semi-modernistiske stilen. Eit døme på dette er Novyj Arbat-prosjektet, berykta for sin omfattande øydelegging av ei minneverdig område i Moskva sentrum.