Viktor Aleksandrovitsj Hartmann () var ein russisk arkitekt og målar. Han var knytt til den såkalla Abramtsevokolonien som på 1870- og 1880-talet hadde ei nasjonal orientering og var påverka av russisk folkekunst og av den bysantinske tradisjonen i Russland.

Liv og gjerning mini|venstre|Ei klokke med same form som heksa Baba Jaga sitt hus Hartmann vart foreldrelaus i ung alder og voks opp i St. Petersburg hos ein onkel, ein i samtida kjend arkitekt. Han studerte ved det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg, og starta arbeidslivet som illustratør.

Ved sidan av kunstnaraktiviteten arbeidde han også som arkitekt. Mellom anna laga han skisser til Russlands 1 000-års monument i Novgorod, eit monument som vart avduka i 1862. Størstedelen av dei akvarellane og blyantteikningane han laga, vart til på utanlandsferder i åra mellom 1864 og 1868. Hartmann og Ivan Ropet skal ha vore dei fyrste kunstnarane som brukte tradisjonelle russiske motiv i arbeida sine.

Etter at Vladimir Stasov hadde introdusert Hartmann i krinsen rundt Milij Balakirev i 1870, vart han ein nær venn av komponisten Modest Musorgskij. Nokre månader etter Hartmann døydde, i februar og mars 1874, vart det halde ei utstilling med meir enn 400 av bileta hans i kunstakademiet i St. Petersburg. Utstillinga inspirerte Musorgskij til å komponere pianosuita Bilete på ei utstilling. Dei fleste arbeida frå denne utstillinga er i dag gått tapt.

Hartmann var fødd i St. Petersburg og døydde av aneurisme i Kirijevo ved Moskva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Viktor Hartmann» frå , den 14. november 2009.

Kategori:Russiske målarar Kategori:Russiske arkitektar Kategori:Folk frå St. Petersburg