Nordvest-England (North West England) er ein av dei ni regionane i England. Han grensar til Irskehavet i vest og til fjellkjeda Penninane i aust. Regionen strekkjer seg frå grensa til Skottland i nord til dei walisiske fjella i sør. Det høgste punktet i North West England (og den høgste fjelltoppen i England) er Scafell Pike i Cumbria, med ei høgd på 978 m.
To store konurbasjonar kring byane Liverpool og Manchester dominerer den sørlege delen av regionen og er der det bur mest folk. I den nordlege delen, medrekna nordlege Lancashire og Cumbria, finn ein område med mindre folkesetnad.
Einingar Han er delt inn i følgjande grevskap og einskaplege styresmakter:
Grevskap Cheshire Cumbria Stor-Manchester Lancashire Merseyside
Einskaplege styresmakter Blackburn med Darwen Blackpool Halton Warrington
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nordvest-England» frå , den 16. november 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i England