County Durham er eit seremonielt grevskap og ei (mindre) einskapleg styresmakt nordaust i England. Administrasjonsbyen er Durham. Den største byen i det seremonielle grevskapet er Darlington.John Marius Wilson, Durham, Imperial Gazetteer of England and Wales, (1870-72). Grevskapet har ein industribasert økonomi som historisk sett har vore basert på kol- og jerngruveindustrien.Durham County Council - History og Heritage of County Durham.
Det seremonielle grevskapet grensar til Tyne and Wear, North Yorkshire, Cumbria og Northumberland og ligg i regionen Nordaust-England.North East Assembly - About North East England .
Historie Området som vart County Durham var opphavleg ein liberty under biskopane av Durham. Etter at normanniske invasjonen spreidde makta deira seg sakte nordover til Nord-England. På 1100-talet vart grevskapet Northumberland oppretta og Durham vart rekna som ein del av dette.W. L. Warren, The Myth of Norman Administrative Efficiency: The Prothero Lecture in Transactions of the Royal Historical Society, 5th Ser., Vol. 34. (1984), s. 113-132 Biskopane kjempa derimot mot sheriffen av Northumberland om makta i Durham, men krona rekna Durham som ein del av Northumberland fram til seint på 1200-talet. På 1300-talet vart Durham igjen rekna som ein liberty direkte underlagt kongen. I røynda var det eit privat grevskap der biskopen peikte ut sin eigen sheriff.Jean Scammell, The Origin and Limitations of the Liberty of Durham in The English Historical Review, Vol. 81, No. 320. (Jul., 1966), s. 449-473.
Sadberge var ein liberty, stundom kalla eit grevskap, i Northumberland som i 1189 vart kjøpt av biskopen. På det største strekte Durham seg frå Penninane i vest, elva Tees i sør, Nordsjøen i aust og elvane Tyne og Derwent i nord.Vision of Britain - Durham historic boundaries. Grevskapet hadde òg fleire eksklavar: Bedlingtonshire, IslandshireVision of Britain - Islandshire (historic map). og NorhamshireVision of Britain - Norhamshire (historic map). i Northumberland og Craikshire i North Riding of Yorkshire.
I 1888 vart grevskapa i England og Wales omstrukturerte og det meste av County Durham kom under det nye Durham grevskapsråd og vart eit administrativt grevskap. Fleire bykommunar var ikkje medrekna i grevskapet, Gateshead, South Shields og Sunderland. Statthaldaren for County Durham vart likevel utpeikt for desse bykommunane òg. Fleire endringar vart gjort utover 1900-talet, men i 1974 vart dei administrative grevskapa og bykommunane avskaffa og County Durham vart eit ikkje-metropolitansk grevskap Det nye County Durham mista område i nordaust til Tyne and WearArnold-Baker, C., Local Government Act 1972, (1973) og i søraust til Cleveland. Samstundes fekk det tilbake tidlegare område i Startforth Rural District frå North Riding of Yorkshire.Durham County Council - About Us: Council Logo.
I 1996 vart Cleveland avskaffaOPSI - Cleveland (Structural Change) Order 1995 og distrikta vart einskaplege styresmakter.OPSI - Cleveland (Further Provision) Order 1995. Hartlepool og Stockton-on-Tees (nord for elva Tees) kom tilbake til det seremonielle grevskapet Durham. I 2009 vart distriktsråda avskaffa og alle distrikta vart einskaplege styresmakter.County Durham (Structural Change) Order 2008
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «County Durham» frå , den 17. november 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Durham grevskapsråd Visit County Durham