Syracuse er ein by sentralt i delstaten New York i USA med 148 000 ibuarar. Byen er fylkessete i Onondaga County. Syracuse er del av eit storbyområde med over 660 000 fastbuande.

Historisk har byen vore eit viktig trafikk-knutepunkt. Opp til 1900 gjennom Eriekanalen og side-kanalane, deretter gjennom jarnbanenettet. I dag er Syracuse i skjeringspunktet mellom Interstate 81 og 90.

Byen er særleg kjend for universitetet Syracuse University, som òg vann den nasjonale college-basketballigaen i i USA i 2003. Syracuse er elles kjend som vertskapsby for ei stor årleg salsmesse.

Syracuse er namnet på fleire byar i USA. Truleg er dei oppkalla etter den italienske byen Siracusa på austkysten av Sicilia.

Vennskapsbyar Tammerfors i Finland Chiayi i Taiwan

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Syracuse, New York» frå , den 1. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i delstaten New York