Smokie er eit britisk rockeband som var populært på 1970-talet i Europa, spesielt i Tyskland. Den største hiten deira var Living Next Door to Alice frå 1976.
Oppstarten (1965–1974) Bandet vart starta opp i 1965 under namnet Essence av Chris Norman (vokal/gitar), Terry Uttley (bass/bakgrunnsvokal), Ron Kelly (trommer) og Alan Silson (gitar/bakgrunnsvokal, og av og til hovudvokal). Bandet hadde fleire namnebyte: i 1968 skifte dei namn til The Elizabethans i 1968, og i 1970 til Kindness.
I 1968, slutta Ron Kelly i bandet, og vart erstatta av Pete Spencer, ein trommeslagar som hadde spelt for fleire mindre band før dette.
Chris Norman (1975–1986) I 1974 skifte gruppa namn til Smokey, og dei to fyrste albuma deira (Changing All the Time og Pass It Around frå 1975) brukar dette namnet. I 1976 bestemte gruppa seg for å endra skrivemåten til Smokie, for å unngå forveksling med songaren Smokey Robinson.
Alan Barton (1986–1995) Alan Barton tok over då Chris Norman slutta i 1986. Også Pete Spencer slutta i Smokie same året, og starta med låtskriving for andre band. Diverre, i 1995, då bandet skulle til flyplassen i Düsseldorf i Tyskland, krasja bandbussen til Smokie, og Terry Uttley, Alan Barton og Alan Silson vart skadde, Alan Barton verst, slik at han døydde etter 5 dagar på sjukehuset.
No (1996–) Etter at Barton hadde døydd på ein slik brå og trist måte, tok Mike Craft i 1995 over. Albumet The World and Elsewhere frå 1996, var det siste albumet der Alan Silson medverka, før han slutta i 1996. No spelar Smokie mest i Noreg, og då oftast i Bodø. Terry Uttley er einaste gjenverande originalmedlem.
Diskografi MERK: Samlealbum skal ikkje vere inkludert her
Pass it Around (1975) Med Chris Norman Changing All the Time (1975) Med Chris Norman Midnight Cafe (1976) Med Chris Norman Smokie (1977) Med Chris Norman Bright Lights & Back Alleys (1977) Med Chris Norman Live: The Concert (1978) Med Chris Norman The Montreaux Album (1978) Med Chris Norman The Other Side of the Road (1979) Med Chris Norman Strangers in Paradise (1981 Med Chris Norman Midnight Delight (1982) Med Chris Norman All Fired Up (1988) Med Alan Barton Boulevard of Broken Dreams (1989) Med Alan Barton Whose Are These Boots (1990) Med Alan Barton Chasing Shadows (1992) Med Alan Barton Burnin' Ambition (1993) Med Alan Barton Greatest Hits Live (1993) Med Alan Barton Celebration (1994) Med Alan Barton The World & Elsewhere (1995) Med Mike Craft (Siste album der Alan Silson medverkar på gitar, før han blir erstatta året etter med Mick McConnell) Light a Candle (The Christmas Album) (1996) Med Mike Craft Wild Horses (The Christmas album) (1998) Med Mike Craft Uncovered (2000) Med Mike Craft Uncovered Too (2001) Med Mike Craft On the Wire (2004) Med Mike Craft From the Heart (2006) Med Mike Craft Eclipse (2008) Med Mike Craft
Kjelde «Smokie» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 26. november 2009.
Kategori:Smokie Kategori:Britiske musikkgrupper Kategori:Allsang på grensen Kategori:Musikkgrupper skipa i 1965