Teff (Eragrostis teff) er eit kornslag frå nord i dei etiopiske høglanda. Det blir særleg dyrka i Etiopia og Eritrea og i nyare tid også Australia, India, Pakistan og USA.

Teff er tradisjonelt blitt brukt til å laga injera, eit brød som er etiopisk daglegkost. I seinare år har ein også teke til å interessera seg for kornslaget utanfor Etiopia, ettersom teff ikkje inneheld gluten. Teff har eit gunstig næringsinnhald, med mykje jern og kostfiber, og inneheld også proteinar og kalsium.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Teff» frå , og «Teff» frå den 26. november 2009.

Bakgrunnsstoff

Teff ved allergikost.no

Kategori:Grasfamilien Kategori:Korn Kategori:Jordbruk i Aust-Afrika Kategori:Eritreisk kultur Kategori:Etiopisk kultur Kategori:Plantar i Australia Kategori:Plantar i Eritrea Kategori:Plantar i Etiopia Kategori:Plantar i India Kategori:Plantar i Pakistan Kategori:Plantar i USA Kategori:Kulturplantar frå Afrika