Hallvard Sandnes () var ein norsk lærar, forfattar og teikneserieskapar. Han skreiv teksta til teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr. Teiknar var Jostein Øvrelid. Dei to skal visstnok aldri ha møttest. Samarbeidet foregjekk gjennom brevveksling.Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene side 89
Hallvard Sandnes var ihuga målmann. Han skreiv eit konservativt nynorsk. I tillegg til at han fekk gitt ut 17 bøker, skreiv han òg føljetongar i fleire blad. I 1925 fekk han Melsom-prisen.
Under arbeidet med Ingeniør Knut Berg på eventyr brukte han pseudonymet Vigleik Vikli.
Bibliografi Paa solbrune vidder – forteljingar (1913) Livsens dogg. Ei bok om elskhug – (1917) Bjønn-Per frå Skaratun – (1923) Fjellkongen. Ei soga frå dei ville vidder – (1924) Vardane brenn – (1925) Nomelandskyrkja. Forteljing frå svartedauden (1926) Soga um skjoldmøyane. Kultursoga fraa ikring aar 1000 etter Krist – (1926) Norigards-Ram'n – (1928) Er det ingen dag'e? – (1933) Gamlekarane på Storebø. Bygdekomedie i 3 vendingar – skodespel (1933) Steinar Orvik – roman (1941) Aslak Dyrdal – roman (1941) Folke Frøysnes – roman (1942) Stavdalsgruvone – roman (1947) Eldskrift på himmelen – (1955) Røvarane i Urefjellshola. Fonna forlag.(). Gjenta er mi! Komedie i 3 vendingar – skodespel, nyutgåve av Gamlekarane på Storebø (1956) På jakt etter eventyr – novellesamling (1966)
Kjelder Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004 Allkunne.no om Hallvard Sandnes.
Fotnotar
Kategori:Folk frå Bygland Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen