Øyvind Dybvad () var ein norsk teikneserieskapar.

Etter folkehøgskule, underoffisersskule og handelsskule vart han knytt til Norsk Barneblad, før han vart fast tilsett i 1941. Alt i 1939 hadde han teke til å arbeide med teikneserien Smørbukk. Han gjorde Smørbukk litt eldre, og samstundes vart forteljingane meir morosame.Isachsen 2004, s. 77. Dette vart forsterka av Jens R. Nilssen sine fantasifulle teikningar.

Dybvad fekk i 1944 i gang teikneserien Tuss og Troll. Også her var det Jens R. Nilssen som teikna. Han var medredaktør i Norsk Barneblad frå 1949 saman med Andreas Haavoll, men dei to vart i 1954 usamde om opphavsretten til teikneseriane, og Dybvad gjekk over til Noregs Boklag. Her starta han saman med Jens R. Nilssen teikneserien Peik. Øyvind Dybvad var attende som tekstforfattar i Smørbukk i åra 1980–1983.

Utmerkingar

Han var æresmedlem i Noregs Mållag Leiar for Bondeungdomslaget i Oslo. For verksemda si vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull. I 1977 vann han Nynorsk barnelitteraturpris for Håkon Hestekar gjennom eld og vatn

Kjelder Haakon W. Isachsen: Ingen jul uten Juleheftene (Egmont Serieforlaget, 2004). «Øystein Dybvad» av Svein Askheim hjå Store norske leksikon, innhenta 2. desember 2009. «Øyvind Dybvad» i Allkunne, innhenta 17. april 2010.

Referansar

Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Stjørdal