New Super Mario Bros. 2 er eit todimensjonalt plattformspel i New Super Mario Bros.-serien, utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS i 2012. Det er det tredje spelet i serien, ein direkte oppfølgjar til Nintendo DS-spelet New Super Mario Bros. frå 2006, og det første spelet publisert av Nintendo som vart utgjeve samtidig innan digital og fysisk distribusjon.

Handlingsgangen i spelet liknar forgjengarane og fokuserer på Mario og Luigi som skal redde prinsesse Peach frå Bowser og lakeiane hans. Det strekker seg over 9 verder med totalt 85 nivå, nokre av dei med fleire utgangar som leier til ulike ruter og nivå. New Super Mario Bros. 2 legg større vekt på å samle myntar enn andre Super Mario-spel, med fleire unike oppgraderingar og hjelpemiddel dedikert til å produsere store kvantum av myntar. Spelet inkluderer ein modus kalla «Coin Rush» som utelukkande fokuserer på å raskt fullføre seriar av nivå medan ein samlar inn så mange myntar som mogeleg. Ytterlegare Coin Rush-nivå vart gjorde tilgjengelege som betalt innhald kort etter utgjevinga av spelet.

New Super Mario Bros. 2 fekk hovudsakleg positiv kritikk, men nokre påpeikte at spelet var for likt dei tidlegare New Super Mario Bros.-spela. Det er det femte mestseljande spillet til Nintendo 3DS, med 13,34 millionar selde kopiar per 31. mars 2020. Spelet har ein Metascore på 78 %, som gjer det til det lågast rangerte spelet i Super Mario-serien.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dataspel frå 2012 Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Nintendo-spel Kategori:Super Mario