Lise Karlsnes () er ein norsk musikar kjend som vokalist i gruppa Briskeby. Ho har òg hatt ein solokarriere.

Karlsnes vart med i Briskeby i 1999 og fekk sitt store gjennombrot året etter med songen «Propaganda». Gruppa vart tildelt fire prisar under Spellemannprisen 2000. Dei vart oppløyst i 2005, men gjenforeint i 2015. Suksessen dei hadde i 2000-åra uteblei likevel.

I 2010 gav ho ut sin fyrste solosingel; «Forty Nights», under namnet «Lise Of The Woods». I 2012 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Sailors» som ho hadde skrive saman med Thomas Eriksen. «Sailors» vart utgjeven på albumet Dance or Die i 2012. Albumet vart produsert av Thomas Eriksen. Sidan den gongen har ho hatt nokre små opptredenar med andre artistar, men det har generelt vore lite musikkproduksjon.

Anna I 2007 designa ho sin eigen kolleksjon med 70-talsinspirerte solbriller i samarbeid med Krogh optikk på Majorstua. I 2010 gjekk ho på catwalken under Oslo Fashion Week.

I 2016 hadde ho ei birolle i filmen Børning 2, i 2018 deltok ho i sceneshowet Beatles på Chat Noir og i 2020 var ho deltakar i realityserien Kompani Lauritzen.

I 2017 starta ho å studera psykologi og har som uttalt mål å jobba med gestaltterapi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lise Karlsnes» frå , den 24. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Norske songarar