Bjarne Kristoffersen () var ein norsk teiknar og teikneserieutgjevar. Han fekk offentleggjort dei første teikningane sine i Drammensavisa Fremtiden alt som 11-12 åring. Han fekk stønad frå heimekommunen for å ta teikneutdaning. Dei første teikneoppdraga han hadde var mellom anna i Donald Duck, der han teikna rebusar og andre oppgåver. I 1954 vart han teiknar av Soldat 47, som han gav ut saman med Øyvind Dybvad.

Etter som Jens R. Nilssen reduserte teikneoppdraga sine, overtok Kristoffersen Peik i 1958, Vangsgutane i 1959 og Bamsemann i 1964. Bjarne Kristoffersen var og tilknytt Bladkompaniet som teiknar.

Kjelder Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004

Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Folk frå Nedre Eiker