Peter Kjeldseth Moe () var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var fødd i Ørsta, utdanna seg som jurist og arbeidde som sakførar i Ørsta.
Han var ordførar i Ørsta i periodane 1945-1947 og 1948-1951.
Han vart vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal i 1957, og vart attvald i 1961, 1965 og 1969. Han hadde vore varamedlem i perioden 1954-1957. Han møtte då som vararepresentant medan Ulrik Olsen var statsråd. I juli 1956 døydde Anton Ludvig Alvestad, og deretter møtte Peter Kjeldseth Moe fast for resten av valperioden. For Ulrik Olsen møtte deretter vararepresentanten Arnfinn Severin Roald.
Peter Kjeldseth Moe døydde i 1973 rett før slutten av den siste valperioden hans. Oskar Edøy møtte på Stortinget deretter.
Kjelder Stortinget.no Biografi om Peter Kjeldseth Moe, vitja 14. desember 2009
Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Norske juristar Kategori:Norske advokatar Kategori:Ordførarar i Ørsta Kategori:Ap-ordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal