Taksvale (Delichon urbicum) er ein liten trekkfugl i svalefamilien som hekkar i Europa, Nord-Afrika og tempererte Asia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og i tropisk Asia. Taksvala lever av insekt fanga i flukt, og dei migrerer til klima kor det er flust med flygande insekt. Fuglen har svart hovud og svart overside med blå glans, svarte venger og hale. Den kvite overgumpen og kvite undersida er det berre taksvala som har av dei norske svaleartene. Ho finst både i opne landskap og nær menneskeleg ferdsel. Taksvala liknar to andre svaleartar i Delichon-slekta, som begge er endemiske for austlege og sørlege Asia.

Både det vitskaplege namnet og namnet på norsk vitnar om at fuglen er knytt til bruk av kunstige strukturar. Taksvala byggjer eit lukka koppforma reir av gjørmepelletar under takskjegg eller på liknande stader på bygningar, vanlegvis i koloniar, nokre gonger vert gjødsling under slike reir eit problem. Til vanleg aksepterer dei fleste menneske å ha taksvaler i nærleiken.

Ho vert jaga av lerkefalk (Falco subbuteo), og som andre fuglar er ho påverka av indre parasittar og ytre lopper og midd. Stor og spreidd populasjon gjer at ho ikkje er trua globalt.

I Noreg er taksvala mest talrik i Sør-Noreg; lengre nord finst ho meir spreidd, og manglar heilt i ytre Troms og Finnmark.

Beskriving Utsjånad miniatyr|venstre|Taksvale på ein ringmerkingsstasjon Taksvala har ei kroppslengd på om lag 13 centimeter og vekta ligg på mellom 16 og 25 gram. Ho er dermed mindre og spedare bygd enn gråsporven, og av dei middelstore innan svalefamilien. Hos vaksne taksvaler er hovudet, ryggen, oversida av vengene og stjerten blåsvart. Heile undersida og gumpen er i ein kontrasterande kvitfarge. Føtene og dei korte beina er òg kledde med kvite fjør. Tærne og dei stadene på beina med lite fjør er lyst kjøtfarga. Samanlikna med låvesvala er stjerten mindre kløfta; dei sterkt forlenga ytre fjøra manglar. Auga er brune; nebbet kort og svart. Begge kjønna er like; kjønnsdimorfisme finst ikkje.

Heilt eller delvis albinisme opptrer iblant, fjøra kan då vere heilt kvite, eller dei til vanleg kvite partia er unormalt store. Litteraturen beskriv blant anna individ der berre hovudet har den vanlege farga medan resten av kroppen er dekt av kvite fjør, eller eksemplar der høgre vengefront, oversida av vengene og svingfjøra er kvite.Menzel, s. 15 und 16

Ungfuglane skil seg ut frå dei vaksne ved at oversida av kroppen er brunleg til brunsvart og berre nokre stader skin i blåsvart. Sameleis er vengene brunleg farga og utan glans. Strupen og sidene har grå fjør. Den største skilnaden er den grå gumpen hos ungfuglane – hos vaksne er den kvit. Dei mørkeblå fjøra med kvite spissar gjev ungfuglen ein flekkete utsjånad.

Nyklekte taksvaler er dunete og gråkvite på lèt. Eldre reirungar er dekte av kvit dun.

Flukt og snøggleik i lufta miniatyr|Flygande taksvale

Taksvaler flyg ikkje like hurtig som låvesvaler, og har ein meir flagrande flukt avbrote av lengre fasar i glideflukt. Særmerkt for jakta er hyppige, brå stigningar med raske vengeslag. Gjennomsnittleg vengeslagfrekvens hos taksvaler er 5,3 slag i sekundet, medan det tilsvarande for låvesvaler er 4,4 slag. Stort sett jaktar taksvaler i høgare luftlag enn låvesvaler. Sjølv om ho kan flyge nede ved pløyande traktorar eller beitande kveg for å snappe insekt som er støkte opp, er den gjennomsnittlege flygehøgda i hekkeområdet 21 meter, og i vinterområdet heile 50 meter over bakken. Låvesvaler jagar stort sett byttet rundt sju-åtte meters høgdTurner, s. 166Turner, s. 227

Taksvaler som vert jaga av rovfuglar kan komme opp i 74 km/t, medan dei under normale tilhøve tilbakelegg strekninga mellom hekkeplassen og jaktområdet med ei fart på rundt 38 km/t i snitt.Menzel, s. 11

Skilnad frå andre fugleartar Både kroppsforma og flukta er så karakteristisk at sjølv mindre rutinerte fuglekikkarar ser at taksvaler høyrer til svalene. I det norske hekkeområdet finst to andre svaleartar, sandsvale og låvesvale, begge er lette å skilje frå taksvalene. Sandsvalene er den minste av dei europeiske svaleartane. Oversida er einsfarga mellombrun, undersida kvit med eit brunt band over brystet og stjerten er berre svakt kløfta. Hos låvesvalene er oversida av kroppen blåsvart med metallisk glans og samanlikna med låvesvalene er dei ytre fjørne i stjerten mykje lengre, hovudet har eit blåsvart band, og strupen og panna er kastanjeraud. Det hekkar ein fjerde svaleart i Europa: i bratte fjellvegger i Sør- og Mellom-Europa finn ein klippesvala som minner om ei forstørra sandsvale, men som til skilnad frå sandsvala har ein beint avskoren stjert heilt utan kløft.

Stemme miniatyr|To unge taksvaler i reiret Taksvaler er ein snakkesalig fugl, spesielt ved hekkeplassen. Oftast kan ein høyre ein låg, plaprande kvitring som ikkje er så variert eller melodiøs som hos låvesvala. I flukt eller under innflyging til reiret kan ein oftast høyre tritri eller driddrli. Kontaktlyden er ein hard trieer eller chirrp. Dette ropet brukar dei også i vinterområdet. Alarmropet er ein skarp tsier eller tseep.

Frå dei er to til tre dagar gamle har ungfuglane ein særmerkt tiggelyd: dei yngste gjev frå seg eit einstavig tik tik tik, medan eldre reirungar høyrest meir ut som zittritvitvii. Ungar eldre enn om lag to veker tigg om natta òg.Menzel, s. 24 – 25

Utbreiingsområde Utbreiingsområdet til begge underartane av taksvaler strekker seg over Eurasia og Afrika, i alt over om lag 10 millionar kvadratkilometer.

I Skandinavia hekkar nominatforma Delichon urbicum urbicum til om lag 71. breiddegrad og i Vest-Sibir til 62. breiddegrad. Den austlege grensa strekker seg gjennom Mongolia og langs elva Jenisej. Sørgrensa ligg ved Middelhavsområdet og Sørausteuropa. Nominatforma finst på Balearane, Malta, Korsika, Sardinia, Sicilia og Kypros. Det finst hekkeområde i Nordvestafrika frå Marokko til det nordlege Algerie. Taksvaler hekkar spreidd i Tunisia, Libya, Israel, i Sahara og i Sør-Afrika og Namibia. Austover strekker utbreiingsområdet seg til Krim og Kaukasus til nord i Afghanistan. Dei ytste hekkeområda finn ein elles i Pamir, nord i Kashmir, i Ladakh og nord i Punjab.Menzel, s. 13Turner, s. 226

Den austlege populasjonen av nominatforma overvintrar i Nordaustindia. I Afrika strekker overvintringsområdet seg frå det sørlege Sahara til Kapp-provinsen.

Underarten Delichon urbicum lagopodum hekkar frå det indre av Vest-Sibir til fjellandet i Midt-Sibir og regionen kring elvane Lena og Jana, Kolymadeltaet og Tsjuktsjarhalvøya. I Aust-Sibir når utbreiingsområdet nordgrensa ved den 69. breiddegrad. Sørover strekker området seg til Altai, det nordlege Mongolia og Nordaust-Kina. Underarten overvintrar i Sør-Kina og i Søraust-Asia. Overvintrande taksvaler av denne underarten finst blant anna i Indokina og i Assam. s. 226–233

Leveområde Opphavleg hekka taksvalene i vertikale fjellvegger, og det finst framleis hekkekoloniar på slike naturlege stader. Til dømes er taksvala ein typisk fjellfugl i Tibet, og legg der reira sine i fjell-, jord- og løssvegger heilt opp til ei høgd av 4600 moh.Menzel, s. 33 I det europeiske utbreiingsområdet er arten derimot ein typisk kulturfølgjar som ofte nyttar seg av det opne kulturlandskapet. Taksvaler i det europeiske utbreiingsområdet kan òg hekke i store høgder. I Austerrike er det belegg for at ein koloni taksvaler hekkar i Großglockner på ei høgd av 2450 moh; i Sveits hekkar taksvaler ved Furkapasset på ei høgd av 2431 moh. I Spania når utbreiinga opp i 2600 moh.

Taksvaler er avhengige av opne flater med låg vegetasjon. Det gjer det mogeleg å jakte på luftplankton også når desse flyg lågt grunna regn eller vindfullt vêr.Menzel, s. 32 Nærleik til større område med vatn er òg naudsynt for at dei skal finne eigna reirmateriale. Litteraturen gjev ulike opplysningar om i kva grad taksvaler er avhengig av kulturlandskapet, spesielt kontra låvesvaler.Menzel, s. 32 – 33 Høg luftforureining kan vere årsaka til at taksvaler unngår enkelte område i byar. Etter at Storbritannia innførte Clean Air Act 1956 (lov om luftreining) og luftforureininga i britiske byer er vorte redusert, har taksvalene vendt tilbake til bykjernane, sjølv i London

Taksvalene nyttar opne landskap i overvintringsområda òg. Under overvintringa gjer taksvalene mindre av seg enn låvesvalene som overvintrar i dei same områda; flyg høgare og har eit meir nomadisk levesett. I dei tropiske regionane av overvintringsområda, det vil seie Aust-Afrika og Thailand, held taksvalene seg i høgareliggande område. p236

Trekkmønster miniatyr|Taksvalene samlar seg Taksvaler er trekkfuglar som trekker over store strekningar på brei front over middelhavsområdet og Sahara. I Vest- og Mellom-Europa er høgdepunktet for trekket mellom slutten av august og starten på oktober, i sørlegare hekkeområde startar trekket noko seinare. Dei vender tilbake til hekkeområda i april og mai, men med store regionale skilnader. Til Luxemburg kjem dei rundt 13. april, til Estland 19. mai.Menzel, s. 50 Som regel kjem taksvalene om lag 10 dagar etter låvesvalene.Bezzel, s. 367 Taksvaler trekker stort sett om dagen, men einskilde individ ser ut til å trekke nattestid.Jan Kube, Nils Kjellén, Jochen Bellebaum, Ronald Klein, Helmut Wendeln: How many diurnal migrants cross the Baltic Sea at night? Poster zur ESF-Konferenz „Migration in the life-history of birds“, Institut für Vogelforschung, 2005.

Lik andre arter som trekker over lange avstandar kjem taksvaler streifande til regionar som ikkje høyrer til deira naturlege utbreiingsområde. Soleis er det observert individ i Nepal, Alaska og Newfoundland, på Grønland, Island, Bermudas, Maldivane og Asorane.

Eit særmerkt trekk ved taksvaler er at dei viser høg grad av truskap mot staden dei vart fødde. Av 4700 individ som vart klekka i 60 ulike stader i Oberschwaben vendte rundt 450 tilbake til fødestaden som hekkefuglar året etter.Bezzel, s. 365 Den store skilnaden mellom ut- og innflygande individ kjem hovudsakleg av at mange ikkje overlever trekket. Ei rekke undersøkingar syner at hannane i snitt slår seg ned knapt 1,5 km frå reiret der dei vart fødde. Hoene er ikkje fullt så stadbundne, deira snittavstand frå oppvekstreiret er 3,2 kilometer.Menzel, s. 34 Innimellom hender det at individ tek i bruk oppvekstreiret til si eiga hekking: av 165 kontrollerte hoer vendte ei tilbake til reiret ho vart klekt i, sju andre hoer hekka på det same huset oppvekstreiret deira hang på. Også denne undersøkinga stadfesta at hannane var meir stadbundne enn hoene. Av 279 kontrollerte hannar tok åtte i bruk sitt eige oppvekstreir, medan 54 andre hekka på det same huset dei voks opp på.

Næring Under næringssøket liknar taksvalene andre insektetande fuglar som jagar flygande insekt, særleg dei andre svalene, men også dei uskylde seglarane, som i Noreg berre er representert med ein art, tårnseglar. Samansetninga av næring vert bestemd av tilbodet. Ei undersøking ved Thunsjøen i dei sveitsiske For-Alpane viser at fluger, mygg og bladlus utgjer om lag 80 prosent av næringa, medan 10 prosent er vasslevande insekt.Menzel, s. 39 – 41 Undersøkingar i andre område bekreftar at bladlus, mygg og fluger utgjer ein stor del av taksvalene sin kost. Andre viktige insekt er nebbmunnar, biller og sommarfuglar.

Taksvaler jaktar oftast ved at dei med raske vengeslag skyt oppover og snappar flygande insekta nedanfrå. Byttet pakkar dei saman i nebbet medan dei glid tilbake til flygehøgda dei kom frå. Dei utan reirungar sluker maten straks, dei med samlar insekta i kråsen. Har dei fanga insekt med lange venger, som til dømes døgnfluger og større sommarfuglar, held dei byttet i nebbet medan dei flyg attende til reiret.Menzel, s. 41–42

Individ med ungar fjernar seg maksimum to kilometer frå reiret. I snitt jagar dei ikkje lengre enn 450 meter frå reirplassen.Turner, s. 27

Forplanting Reiret miniatyr|Taksvale som samlar reirmateriale i ein gjørmepytt miniatyr|To øydelagde reir