Anders Folkestad () er ein norsk fagforeiningsmann frå Møre og Romsdal. Han har vore fagforeiningsleiar i ei rekkje år, og var første leiaren av hovudorganisasjonen Unio frå opprettinga i 2001.

Folkestad budde dei første seks åra av livet på Folkestad i Volda. Familien flytta deretter fleire gonger i Møre og Romsdal. Far til Folkestad var lærar, noko også bestefaren var.

Anders Folkestad gjekk på gymnas i Volda og studerte i Bergen og Oslo. Han er utdanna lektor og har studert ved Idrettshøyskolen i Oslo. Første stillinga hans var ved det første idrettsgymnaset i Noreg, i Odda. Han gjekk då inn i Norsk Lektorlag, seinare Norsk Undervisningsforbund.

I 1989 blei Folkestad nestleiar i Utdanningsforbundet, og har sidan hatt ei rekkje leiarstillingar i fagforeiningar. Han var med på å skipa Unio i 2001 og sat i det første styret, og har vore leiar sidan. I 2011 blei han gjenvald som leiar i to år. Han gjekk av som leiar i 2014.

Kjelder Intervju med Anders Folkestad ved norgesdokumentasjon.no Om Vestlandet, medlemmene og gleder i livet i Ergoterapeuten 01.10

Bakgrunnsstoff Intervju med Anders Folkestad hjå Norgesdokumentasjon (17.10.2001).

Kategori:Folk frå Volda Kategori:Norske fagforeiningsleiarar