Whitsand Bay er ei bukt som ligg søraust i Cornwall i England i Storbritannia frå Rame Head i aust til Portwrinkle i vest. Her finst bratte, høge klipper, eit dramatisk landskap og lange sandstrender.

mini|Feriehytter på åsen

Oppfor bukta ligg Rame Head, ein kjegleforma ås med ruinar av eit kapell frå 1300-talet tileigna St. Mikal på toppen.From Looe to the The Rame Peninsula the forgotten corner of Cornwall Polhawn Cove er ei grov strand, med skarpe steinar, grus og eit område med sand. Vest for Captain Blake's Point finn ein lange sandstrender med klipper og små bukter innimellom. Fleire av vikene er ikkje mogeleg å nå frå land ved flo sjø. Feriestadane Freathy og Tregonhawke er bygd i terrasser i klippene.

Det britiske forsvaret har eit skytefelt mellom Fort Tregantle ved vestenden av bukta og Trethill Cliffs nær Portwrinkle og dette området er lukka under skytetrening.British Army

Whitsand Bay er ein populær dykkestad og i 2004 vart den tidlegare Royal Navy-fregatten HMS «Scylla» (F71) søkkt her for å danne eit nytt undervassrev.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Whitsand Bay» frå , den 26. desember 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bukter i Cornwall Kategori:Strender i Cornwall