Robert Clive, Baron Clive of Plassey, () var ein britisk offiser og kolonialist. Han har fått æra for å sikre India og rikdomen som følgde for den britiske krona.Chris Roberts, Heavy Words Lightly Thrown: The Reason Behind Rhyme, Thorndike Press,2006 (ISBN 0-7862-8517-6) Han var ein av dei viktigaste personane i opprettinga av Britisk India.

mini|venstre|Francis Hayman: Robert Clive and Mir Jafar after the Battle of Plassey, 1757 Han tenestegjorde frå 1743 i India i Det britiske ostindiske kompaniet. Han kjempa mot franskmenn og hollendarar og vann sigrar ved Arcot i 1751, Trichinopoly i 1752 og Biderra 1759, samt over nawaben av Bengal i slaget ved Plassey i 1757.

Han vart etter sigeren i Plassey den første britiske guvernøren i Bengal, men vende i 1760 attende til heimlandet for å få tittelen «Baron Clive of Plassey» der. Han vart så igjen guvernør i Bengal 1765-1767, der han han effektivt stoppa korrupsjon og ineffektivitet. Han vart likevel skulda for ikkje å ha skøytt vervet etter han kom attende til Storbritannia, og tok til slutt livet sitt, sjølv etter at han i 1773 vart reinvaska.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Robert Clive» frå , og «Robert Clive, 1st Baron Clive» frå den 1. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske generalar Kategori:Britiske øvstkommanderande i India Kategori:Britar i sjuårskrigen