Fedrelandslaget var ein norsk høgrenasjonalistisk organisasjon som vart skipa i 1925. Ingeniøren Joakim Lehmkuhl er rekna som initiativtakar til skipinga. Elles var polfararen Fridtjof Nansen og tidlegare statsminister Christian Michelsen med mellom stiftarane. Føremålet med organisasjonen var å skapa ein borgarleg front mot den framveksande sosialismen. Høgresida i norsk politikk skulle samlast. Fedrelandslaget spela ei viktig rolle i stortingsvalet i 1930, utan sjølv å stilla til val.
Om Fedrelandslaget i 1930-åra seier Norgeslexi dette: «I 1930-årene var Fedrelandslaget tydelig inspirert av italiensk fascisme og tysk nasjonalsosialisme, men samtidig ble organisasjonen politisk sett en mer marginal foreteelse i Norge.»
Den seinare skiparen av Anders Langes Parti (no Framstegspartiet), Anders Lange, var partisekretær i Fedrelandslaget frå 1930 til 1938.
Ved stortingsvalet i 1936 stilte Fedrelandslaget eigne lister i nokre fylke og felleslister med Frisindede Folkeparti i andre, men oppnådde ikkje å bli vald inn på Stortinget. Fedrelandslaget vart forbode saman med alle andre politiske rørsler under den tyske okkupasjonen, og starta ikkje opp igjen aktiviteten sin etter frigjeringa.
Kjende medlemer
Fridtjof Nansen Vidkun Quisling Christian Michelsen Hjalmar Riiser-Larsen Jens Bratlie Tryggve Gran Anders Lange Johan Hjort Bjørn Helland-Hansen Johan Bernhard Hjort Olaf Broch Johan Throne Holst Thorvald Aadahl Frøis Frøisland Jacob Stenersen Worm-Müller Ola Thommessen Rudolf Falck Ræder Thomas Olsen Walter Fyrst Adolf Egeberg jr. Carl Johan Erichsen Eugène Olaussen Herman Scheel Jørgen Blydt Lars Eskeland Lars Olsen Aukrust Ranik Halle Albin Eines Arne Meidell Herman Meinich Joakim Lehmkuhl John Aalmo Olav Moe Ole Jacob Skattum Oluf Müller Simen Fougner Victor Mogens Johannes Bragstad Severin Eskeland Sverre Mitsem Alf Amble Anders Fjelstad Eiliv Odde Hauge Fredrik Barbe Wallem Johan Ernst Mowinckel Realph Norland Stein Barth-Heyerdahl Terje Baalsrud Valentin Rosenlund Waldemar Stoud Platou Wilhelm Nicolaysen Birger Kildal Carl Hagbarth Gulbranson Christopher Borchgrevink Fredrik Odfjell Holger Ursin Leiv Lea Olav Arnstad Ole Melvold Ole Rømer Aagaard Sandberg Oluf Skjelbred-Knudsen Otto Skirstad Reidar Foss Roar Matheson Bye
Kjelder
Bakgrunnsstoff Fridtjof Nansens tale ved stiftelsen av Fedrelandslaget (1925) på http://historie.cappelen.no
Kategori:Norsk politikk Kategori:Skipingar i 1925 Kategori:Nedleggingar i 1940