Torbjørn Anderssen () er ein norsk formgjevar.

Anderssen voks opp i Biristrand i Gjøvik. Han tok hovudfag i design ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2002. Etter dette var han med på å grunnlegga merket Norway Says, som seinare har vunne fleire prisar, saman med Andreas Engesvik og Espen Voll. Denne gruppa har mellom anna utforma tekstilar, møblar, glas og lamper.

I arbeidet sitt har han vore oppteken av å betre kommunikasjonen og forholdet mellom norske designarar og ferdigvareindustrien, og gjennom arbeidet i Norway Says har han bidrege til å få fram andre enkeltverksemder, som møbelprodusenten L.K. Hjelle og tekstilprodusenten Gudbrandsdalens Uldvarefabrik. Bladhaldaren «Papermaster», som er utforma av Anderssen for Swedese, er innkjøpt av Victoria and Albert Museum i London.

Prisar og utmerkingar 2003 Norsk Designråds merke for god designnorskdesign.no Hal sofa og stol og møbelstoffet Odal 2005 Norsk Forms pris for unge formgivere 2007 Torsten og Wanja Söderbergs pris

Kjelder

Knut Olav Åmås [red.]: «Anderssen, Torbjørn» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008). «Torbjørn Anderssen i Norway Says» hjå Kunsthøgskolen i Bergen. «Torbjorn Anderssen » hjå Swedese.

Kategori:Norske formgjevarar Kategori:Folk frå Gjøvik