mini|Ein av Brude sine livbåtar er utstilt på Ålesund Museum mini|Interiør i Brudeegget

Ole Martin Brude () var ein norsk sjømann og livbåtkonstruktør.

Liv og virke Familien Brude budde ei tid i USA medan Ole var barn. Han gjekk til sjøs då han var 16. år. Her fekk han ideen om ein overbygd livbåt. I 1902 gjekk han på Haugesund sjømannsskule, før han gjekk inn i marinen. Han utarbeidde teikningar og modell til ein kapselforma livbåt. Han skreiv og kontrakt med Aalesund mek Verksted og Slipanlæg om å bygge ein båt. Ole Brude kalla livbåten han hadde skapt for «Uræd,» men på grunn av forma og namnet på konstruktøren vart han til vanleg kalla Brudeegget.

Ole Brude ville segle livbåten frå Ålesund til New York. Han vona å kome tidsnok til å få han utstilt på verdsutstillinga i St. Louis. Sein sjøsetting og lekkasjar gjorde at reisa vart utsett. Saman med tre andre la han ut frå Ålesund 7. august 1904. Dei kom fram til Petty Harbor på New Foundland 15. november. Dei ville avslutte ferda i Boston. På ferda dit vart «Uræd» kasta på land ved Glouchester i eit hardt uver. Livbåten fungerte som Brude hadde vona. Dei kom velberga frå strandinga. Han rakk ikkje verdsutstillinga.

Ole Brude reiste attende til Ålesund. Der vart han motteken med heider. Han fortsette som sjømann til i 1925. Siste åra levde han i USA. Då han døydde i 1949 vart urna nedsett i Ålesund. Ålesund Museum steller grava.

Brude fekk ikkje oppleve at livbåtkonstruksjonen hans vart nokon suksess. Først i 1978 vart det påbode med overbygde livbåtar.

Ettermæle I 2020 laga den norske klokkeprodusenten Von Doren eit armbandsur inspirert av ferda til Ole Brude. Klokka fekk namnet «URÆD» etter livbåten og vart produsert i 1904 utgåver.Finansavisen: «Det norske klokkemerket skapte ville tilstander». 24.01.2020

I 2022 sende NRK Uræd - egget som kunne berge liv, 2 episodar om Ole Brude og ferda med «URÆD».

Sjå òg Dønvigs bøye

Kjelder

Ole M. Ellefsen: «URÆD» Ålesund Museums skrift nr 29 2004. ISBN 82-90151-12-8 NRK Brude-ferden NRK Uræd - egget som kunne berge liv

Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Sjøfart