Luce Bay er ei stor bukt i Wigtownshire sør i Skottland. Bukta er 30 km brei ved munningen og grensar til Rhins of Galloway i vest og Machars i aust.

Frå 1930-åra til 1990-åra vart bukta nytta som bombefelt av Royal Air Force frå basen i West Freugh.

Luce Bay var ein gong eit viktig fiskeområde, men vert i dag lite nytta til dette. Her finst mykje sjøliv og området er erklært eit særskilt verneområde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Luce Bay» frå , den 11. januar 2010.

Kategori:Bukter i Skottland