mini|Granittklipper ved Gwennap Head Gwennap Head er det sørlegaste neset på sørkysten av Penwithhalvøya i Cornwall i England. South West kyststi følgjer nær kanten av neset. Den kjende knausen Chair Ladder er ein populær destinasjon langs neset og er populær å klatre opp.

mini|venstre|Kystvaktstasjonen på Gwennap Head Farvatnet innanfor neset er eit travelt skipsfartområde og det står ein kystvaktstasjon på neset for å halde auge med trafikken.

mini|Dagmerke på Gwennap Head Det står fleire kjegleforma seglmerke på Gwennap Head. Dagmerka er målt raude eller svart og kvit. Når ein er til sjøs bør ein alltid kunne sjå det kvite og svarte merket for å unngå grunnene nær neset.

Gwennap Head er kjend for dei mange sjeldne fuglartane som er innom her, som gulnebblire, storjo, stormsvale og småspove. I tillegg finst ein koloni med hekkande havsuler i nærleiken.

Bakgrunnsstoff Biletgalleri av klatrarar på Chair Ladder Kystvakt på Gwennap Head

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gwennap Head» frå , den 17. januar 2010. oppgav desse kjeldene: Extracts from A Complete Parochial History of the County of Cornwall, Joseph Polsue, 1868

Kategori:Nes i Cornwall