Morte Point er eit nes på nordvestkysten av Devon i England. Området er eigd av National Trust. Aust for neset ligg landsbyen Mortehoe og i sør ligg feriestaden Woolacombe.
Morte Point er kjend for dei mange skipsvraka som ligg i sjøen utanfor. På grunn av det farlege farvatnet er Bull Point fyr sett opp 2 km nordaust for neset.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Morte Point» frå , den 18. januar 2010.
Kategori:Nes i Devon Kategori:National Trust-eigedommar