Knøttspissmus (Sorex minutissimus) er eit pattedyr i spissmusfamilien, og det minste pattedyret i Noreg. Ho veg opp til fire gram og har ein fire centimeter lang kropp med ein to-tre centimeter lang hale. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest til den russiske stillehavskysten og Japan i austIUCN Red List of Threatened Species på engelsk Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er, då knøttspissmusa er vanskeleg å fanga og lett å oversjå. Ho føretrekkjer våt granskog med mykje mose, men kan òg finnast i myr og i tørr furuskog. Ho er insektetar og kan eta to til fem gonger kroppsvekta si på eit døgn. Ungane blir fødd i mai-august med opp til sju ungar i kvart kull.

Kjelder IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:pattedyr i Noreg kategori:spissmusfamilien