19 Fortuna eller A902 UG er ein av dei største asteroidane. Fortuna var den 19. asteroiden som blei oppdaga. Dette blei gjort 22. august 1852 av den britiske astronomen John Russell Hind i London. Dette var den sjette asteroiden han oppdaga. Asteroiden er kalla opp etter Fortuna, lykkegudinna i romersk mytologi.

Romteleskopet Hubble observerte Fortuna i 1993. Ein fann at asteroiden hadde ein synleg diameter på 0,20 bogesekund (4,5 pixel i Planetary Camera) og at han nesten var heilt rund. Ein leita også etter satellittar, men fann ingen.

Samansetninga til Fortuna liknar den til dvergplaneten Ceres: ei mørk overflate sett saman av enkle karbonat. Vassdelen er rundt sju prosent. Fortuna har okkultert stjerner fleire gonger.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «19 Fortuna» frå , den 8. september 2025.

Kategori:Asteroidar