Dovre er eit sokn, ei bygd og administrasjonssenter i Dovre kommune, nord i Gudbrandsdalen i Innlandet.

Dovre sokn Dovre sokn har om lag 1 315 innbyggjarar (2013), og femner om søre delen av kommunen. Dovre kyrkje er frå 1736.

Soknet høyrde til Lesja prestegjeld fram til 1861, då det blei utskilt som eige prestgjeld. Samstundes blei Domåsgrendi og Blestergrendi overflytt frå Lesja sokn til Dovre sokn.Dis-Norge I seinare år er soknet blitt halvert ved utskiljing av Dombås sokn, med grense omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.

Tidlegare tettstad I 1913 opna Dovre stasjon ved Dovrebanen.

Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårane mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.

Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.

mini|venstre|Dovre stasjon

Sjå òg Dovre kommune Tettstader i Oppland

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Dovre kommune Vêrvarsel for Dovre , yr.no

Kategori:Geografi i Dovre Kategori:Bygder i Innlandet Kategori:Utgåtte tettstader Kategori:Kommunesenter i Innlandet