St Martin's (kornisk Brechiek, tyder 'flekkete øy') er den nordlegaste av dei busette øyane i Scillyøyane i England. Ho har eit areal på 2,37 km².

mini|venstre|Dagmerket på St Martin's Det er tre busetnader på øya, Higher Town, Middle Town og Lower Town, nokre spreidde gardar og hus. Totalt har øya 142 innbyggjarar (2001).

Det ligg eit hotell på øya og ein pub. I tillegg finst eit gjestehus og ein liten campingplass.

I nord går ein veg over til White Island som berre er mogeleg å bruke ved lågvatn.

Nordaust på øya står eit raudt og kvitt dagmerke. Det vart reist i 1683 av Thomas Ekins, den første statthaldaren til familien Godophin på øya. Det er 4,8 meter i diameter og 6,4 meter høgt.

Det er to kyrkjer på St Martin's.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «St Martin's, Isles of Scilly» frå , den 26. januar 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øyar i Scillyøyane