Høgmesse er ei nemning for den messa som vert forretta høglydt frå høgalteret i kyrkja, i motsetnad til andre stille messer som vert forretta frå sidealtera.

I Den norske kyrkja er høgmesse eit omgrep for alminnelege gudstenester som vert feira i kyrkjene. Mange vil likevel hevde at nemninga kan brukast berre om gudstenester med nattverd. Høgmesseledda byggjer på den klassiske messa og har følgjande forordna ledd: Inngangsord (jf. Introitus) med inngangssalme Syndsvedkjenning Bønerop (Kyrie) Lovsong (Gloria) Kollektbøn Tekstlesing, oftast frå Det gamle testamentet Høgmessesalme Andre tekstlesing, oftast frå Det nye testamentet Truvedkjenning (jf. Credo) Salme før preika Preike Kunngjeringar Forbøn, i fastetida Litaniet Takkeoffer, jf Offertorium Salme før nattverd Lovprising med Sanctus, Agnus Dei og Fader vår Nattverdmåltidet Takkebøn for nattverda Sluttsalme Velsigning Utgang

Kjelder «Kirkeleksikon» på www.kyrkja.no arkivert utgåve Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2

Kategori:Kristen liturgi Kategori:Kristne gudstenester