Alf A. Sæter () er ein forfattar frå Molde. Han debuterte i 1974 med romanen Mitt stakkars nye liv og har gjeve ut 13 bøker, 3 av dei diktsamlingar. Han har i seinare tid skrive mykje erindringsstoff og lokalsoge.

Han har blitt tildelt både Melsom-prisen og Sunnmørsprisen og er også utkomen i Tyskland.

Sæter har vore medlem i Den norske Forfatterforening sidan 1976 og skriv på nynorsk. 12 av bøkene hans er komne ut på Det Norske Samlaget.

Bibliografi Kystlandskap : noveller, dikt og skodespel (2005) Ingen engel er å sjå : novellesyklus (1998) Far er død : roman (1997) På begge sider av streken dikt, viser og vers (1996) Bergfrue : roman (1995) Påskebodskap : roman (1992) Å henga hjarta sitt på ein rosebusk dikt (1990) Å elska er å vera stille nesten heile tida dikt (1987) Avkledd mann (1981) Kjære Eva : roman (1979) Frå barndomen av: roman (1976) To i storm: roman (1975) Mitt stakkars nye liv: roman (1974)

Dramatikk Ut med det gamle og inn med det nye – olsokspel, uroppført på Romsdalsmuseet i 1999

Litterære prisar Sunnmørsprisen 1975 for To i storm Melsom-prisen 1976 for To i storm

Kjelder Om Alf A. Sæter på nettstaden til Samlaget

Referansar

Bakgrunnsstoff

Digitaliserte bøker av Alf A. Sæter hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Folk frå Aukra Kategori:Folk frå Molde Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1974 Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Sunnmørsprisen