Inch eller Alloa Inch (skotsk-gælisk Innis) er ei øy i tidvassområdet til River Forth nær Alloa, like før elva munnar ut i Firth of Forth.

Det ligg eit forlate gardshus på øya og øya vart tidlegare dyrka. På grunn av subsidens frå kolgruvedrift i nærleiken vart det flaum på øya. Øya består i dag av siv og marskland.

Scottish Wildlife Trust har styrt øya som eit reservat sidan 1996.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alloa Inch» frå , den 8. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Firth of Forth