mini|Kart over Skottland Denne lista over øyar i Skottland inneheld først og fremst ei oppføring over alle øyane innanfor grensene til Skottland som er større enn 0,4 km² og eller er busette. Det vi her vil referere til «fastlandet» i Skottland er òg del av ei øy, nordenden av øya Storbritannia. Med «øy» forstår vi her «eit landområde som er mindre enn eit kontinent og større enn ein stein eller eit skjer, og som er heilt omgjeve av vatn ved normal vasstand». Ei øy kan altså ha samband til fastlandet med andre øyer ved lågvatn, eller via menneskeskapte konstruksjonar som bruer og vegfyllingar og framleis vere ei separat øy.
Skottland har over 790 øyar utanfor kysten av fastlandet, dei fleste av desse ligg innanfor fire hovudgrupper Shetlandsøyane, Orknøyane og Hebridane, som igjen vert delt inn Indre og Ytre Hebridane. Det er òg mindre grupper av øyer i fjordane Firth of Clyde, Firth of Forth, Firth of Lorne og Solway Firth, og mange mindre øyar i dei mange innsjøane i Skottland, mellom dei Loch Lomond and Loch Maree.
Mellom mange av desse er farvatnet grunt, og fleire øyar har landsamband seg imellom ved lågvatn. Andre er knytte saman ved vegfyllingar over havnivå eller over bruer. I nokre av sunda mellom øyane kan det vere sterke tidvasstraumar. Tidvatnet i Corryvreckan mellom Jura og Scarba er ein av dei sterkaste malstraumane i verda. Andre sterke tidvasstraumar finst i Pentland Firth mellom fastlandet og Orknøyane og mellom Scarba og Lunga.
Øyane har forskjellig geologi og geomorfologi. Nokre øyar som Skye og Mull er fjellrike, medan andre som Tiree og Sanday er relativt flate og lågtliggande. Mange har grunnfjell av gneis frå arkeikum som er over 3 milliardar år gamle. Andre, som Shapinsay og andre øyar i Orknøyane, er forma av sandstein av typen gammalraud sandstein som er om lag 400 millionar år gammal, medan andre igjen, som til dømes Rùm, er forma av meir nylege vulkanar frå tertiærtida.McKirdy, Alan Gordon, John & Crofts, Roger (2007) Land of Mountain and Flood: The Geology and Landforms of Scotland. Edinburgh. Birlinn.
Den største øya er Lewis og Harris som har eit flatemål på 2 179 kvadratkilometer, og det er til saman 200 øyar som er større enn 0,4 km². Av dei gjenverande er det fleire, slik som Staffa og Flannan Isles som har vorte kjende trass i at dei er små.
I følgje folketeljinga i 2001 var 97 skotske øyer busette. Mange øyar som tidlegare har vore busette, som Mingulay, Noss og St. Kilda-øyane har vorte fråflytta i løpet av det siste hundreåret. I dag er det berre 14 øyer som har meir enn 1 000 innbyggjarar, og 45 som har meir enn 100 innbyggjarar. Mellom 1991 og 2001 fall folketalet for øyane totalt med 3 prosent, sjølv om det var 35 øyar der folketalet faktisk auka på nittitalet. Totalt hadde dei skotske øyane i 2001 99 739 innbyggjarar.
Kulturen på øyane har vorte påverka på rekke og rad av keltisk-, norrønt- og engelsk-talande grupper, og dette ser ein att i namna øyane i dag er kjent under. Dei fleste av øyane i Hebridane har namn av skotsk-gælisk opphav, medan dei nordlege øyane i Orknøyane og på Shetland gjerne har norrøne namn som er anglifisert (eller gælifisert). Nokre få av namna har namn med brytonisk eller til og med før-keltisk opphav. Noko som kjenneteiknar det moderne øylivet er at det er særs liten kriminalitet, og dei vert rekna av dei tryggaste stadane å bu innanfor Storbritannia.Ross, John (05 October 2007) "Isolated Communities Where Violent Crime Comes as a Shock". Edinburgh. The Scotsman.
Rockall er ei busetnadslaus øy (skjer) i Nord-Atlanterhavet, 350 km vest for Ytre Hebridane. Ho vart annektert av Storbritannia i 1955, og tilordna den skotske hebridiske øya Harris. I 1972 vart ho erklært som del av Storbritannia gjennom Island of Rockall Act. Eigarskapet til Rockall er likevel omstridd då Danmark (på vegne av Færøyane), Irland, Island og Storbritannia alle krev rettane til havbotn utanfor øya.
Større øyer Dette er ei liste over skotske øyar som har eit areal større enn 0,4 km² og/eller er busette. «Gruppe»-inndelinga, som i dei fleste tilfelle gjev ei betre skildring av geografisk lokalisering enn administrativ tilhøyrsle eller liknande, er basert på Haswell-Smith (2004). Dei viktigaste grupperingane er: Firth of Clyde, Islay, Slate Islands, Mull, Small Isles, Skye, Lewis og Harris, Uist og Barra, St. Kilda, Orknøyane, Shetlandsøyane og Firth of Forth. I nokre få tilfelle, der øyar ikkje høyrer til nokre av desse områda, er administrativt distrikt eller andre skildrane namn brukt. «F» tyder ferskvassøyar (øy i innsjø). mini|Indre Hebridane (raudt) og Ytre Hebridane (gult). mini|Flyfoto av Orknøyane</onlyinclude> mini|Øygruppa Shetland mini|Bressay fyrtårn ved Kirkabister Ness på Shetland mini|Old Man of Hoy på Orknøyane er ein 137 meter høg staur av raud sandstein mini|Tobermory hamn, på øya Mull mini|Creag na Bruaich-klippene på Raasay mini|Dhu Heartach Lighthouse, During Construction av Sam Bough (1822-1878). mini|Fingal's Cave på Staffa mini|Kisimul Castle på øya Barra mini|Ailsa Craig frå kysten av South Ayrshire. mini|Iona Abbey på øya Iona. mini|Shiant Isles mini|Fyret Muckle Flugga på Shetland mini|Jura. mini|The Earl's Palace på Birsay, Orknøyane mini|Eshaness-klippene, North Mainland på Shetland mini mini mini|Sula Sgeir frå sørvest mini|Stornoway hamn på Lewis mini|Klipper på Fair Isle mini|Steinsirkelen Callanish på Lewis mini|Machair i Balephuil Bay, Tiree mini|Austsida av Mousa mot Peerie Bard.