Ein stavingsberande konsonant eller syllabisk konsonant er ein konsonant som kan utgjera ei eiga staving eller vera kjerne i ei staving. I norske dialektar er det vanlegvis dei klangfulle konsonantane n og l som har ein slik funksjon. I IPA-lydskrift blir stavingsberande konsonantar markerte med ein loddrett strek under konsonanten, til dømes eller .

Stavingar består vanlegvis av ein vokal eller diftong (stavingskjerne) pluss ein eller fleire konsonantar. Døme på dette er orda båt og kast, som kvar består av ei staving, og orda stein-en og rei-skap, som inneheld to stavingar kvar. Stavingar kan også bestå av berre ein vokal, t.d. preposisjonen i, eller ein diftong, t.d. substantivet øy. I desse tilfella seier vi at vokalen eller diftongen er stavingsberande.

Men i visse høve kan ein konsonant ha denne funksjonen. I substantiva vatn og botn, som også finst i nynorsk skriftmål, er n-en stavingsberande. I mange dialektar er artikkelen i bunden form eintal ein stavingsberande n, t.d. i hankjønnsorda båt'n (båten) og bil'n (bilen). I nokre dialektar kan bunden form fleirtal av hokjønnsord ha stavingsberande n, til dømes jent'ne (jentene). Og vi finn stavingsberande n i uttrykk som der satt'n (der sat han). Sandøy 1993, s. 30f.Skjekkeland 1997, s. 26f.

I nokre dialektar kan l vera stavingsberande. Døme på dette er substantiva hand'l (handel), put'l (=småarbeid) og syk'l (sykkel). I bergensk er det vanleg at artikkelen n i bunden form eintal fell bort etter l. L-en blir då stavingsberande. Døme på dette er so'l (sola) og sto'l (stolen).Pettersen 1990, s. 203. Også i sunnhordlandsdialekten finn vi mange døme på dette fenomenet. Her kan ein finna bøyinga ein kveld - kve'l (ein kveld - kvelden).

Interjeksjonen pst er eit spesielt tilfelle. Her er s stavingsberande.

Stavingsberande konsonantar er eit vanleg fenomen i norske dialektar.

I andre språk Stavingsberande konsonantar finst i mange språk, til dømes i engelsk, tysk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk og serbokroatisk. I engelsk finst stavingsberande l, m og n. Døme er button (knapp), bottle (flaske) og rhythm (rytme).Sjå artikkelen på engelsk.

Kjelder Sandøy 1993, Helge Sandøy: Talemål, Novus forlag, Oslo. ISBN 82-7099-206-2. Skjekkeland 1997, Martin Skjekkeland: Dei norske dialektane - Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla, Høyskoleforlaget AS, Kristiansand S. ISBN 82-7634-103-9. Pettersen 1990, Egil Pettersen: Bergens bymål, artikkel i Ernst Håkon Jahr (red.): Den store dialektboka, Novus Forlag AS, Oslo. ISBN 82-7099-167-8

Fotnotar

Kategori:Fonologi Kategori:Norsk språk Kategori:Norske målføre