Eilean Bàn (skotsk-gælisk for «Kviteøya») er ei 2,4 hektar stor øy utanfor kysten av Skottland, mellom Kyle of Lochalsh og Isle of Skye i Highland.

Eilean Bàn er eigd av dei skotske styresmaktene, men sidan 1998 har ho vorte styrt av Eilean Ban Trust som eit naturreservat.

Fyret på øya vart bygd av David og Thomas Stevenson og ei av pilarane til Skye Bridge står på øya. Brua kryssar Loch Alsh frå fastlandet til Skye.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eilean Bàn» frå , den 14. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Indre Hebridane