Niels Frederiksen Dyhren () var ein norsk korporal og gardbrukar som representerte Norske Jægerkorps på Riksforsamlinga i 1814. I 1800 vart han soldat ved Jegerkorpset-Akershus regiment og i 1801 korporal i regimentets artillerikompani. Han deltok på dansk-norsk side i Napoleonskrigane i 1807-1809 og 1814. Han fekk tilbod om å tre inn i offisersrekkene, men takka nei fordi han ønskte å slå seg ned som gardbrukar.

I 1814 var han medlem av riksforsamlinga i Eidsvoll som andre deputerte representant for Norske Jægerkorps, og var på den tida korporal i Valderske skarpskytterbataillon. I riksforsamlinga fylgde han sjølvstendepartiet, men han deltok ikkje aktivt. Han gjorde seg likevel merksam ved å røyste imot alt det hans overordna, kapteinen og unionsmannen Palle Fleischer, røysta for. Etter riksforsamlinga heldt han fram som valmann. Han vart aldri stortingsmann, men var varamann i 1832. I ei tid var han også varaordførar på heimstaden.

Han døydde som kårmann på garden i Balke sokn på Østre Toten i 1866.

Kjelder

«Niels Dyhren» i Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845. Niels Dyhren frå Eidsvoll 1814

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske korporalar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Østre Toten