Audun Grønvold () var ein norsk skirennar frå Hamar som var aktiv i både alpine greiner og i fristil. Han vann bronsemedaljen i skicross under Vinter-OL 2010.
Grønvold deltok i alpine greiner fram til 2004,Hamar Dagblad - Medaljehåp i ny OL-gren og vart norsk meister i utforrenn både i 2003 og 2004.Aftenposten.no - OL-håp i ny gren
Grønvold byrja med freestyle i 2005-sesongen og fekk VM-bronse i 2007. Same året vann han òg eit renn i verdscupen. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver tok Grønvold bronsen i fristilgreina skicross. Ved sesongslutt la han opp som skirennar og vart trenar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Norske freestylekøyrarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Freestylekøyrarar under vinter-OL 2010 Kategori:Folk frå Hamar