Basalkonglomerat (botnkonglomerat) er eit konglomerat avsett som rullestein og grus på ei gammal landoverflate. Det utgjer ofte den nedste delen av ein geologisk lagserie.
Basalkonglomerat blir danna i byrjinga av den gradvise utbreiinga av eit hav over landoverflata. Konglomeratet er avsett over ein lengre tidsperiode og markerer starten på ein periode med avleiringar av nye sediment.
I Noreg finn ein mellom anna basalkonglomerat på Hardangervidda direkte på grunnfjellet på botn av avleiringar frå kambrium og silur.
Kjelder
Kategori:Sedimentære bergartar