Fuaigh Beag eller Vuia Be(a)g er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg vest for Lewis nær Great Bernera i Loch Roag. Namnet tyder «vesle Fuaigh», samanlikna med Fuaigh Mòr («store Fuaigh») som ligg i nærleiken.
Namnet «Fuaigh» kjem frå eit norrønt namn.
Innbyggjarane på Fuaigh Beag vart tvungne bort frå øya i 1827 og ho har sidan den gong stått folketom.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.. Berggrunnen på øya består av gneis
Det ligg mange skjer og holmar nær øya, som Geile Sgeir, Garbh Eilean, Eilean nam Feannag, Linngeam, Cliatasay, Gousam og Floday.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fuaigh Beag» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland